|
|||
| I-endingane kan forsvinne |
|
Rettskrivingsnemda i Språkrådet legg no fram forslag om å fjerne i-endingane i nynorsken.- Hovudårsaka til at dette i-målet er føreslått fjerna frå norma er at vi ser at det nesten ikkje er brukt. Heller ikkje dei i områda der i-målet er tydeleg i talemålet, seier Grete Riise, leiar i rettskrivingsnemda i Språkrådet til NRK Sogn og Fjordane. Ho meiner dette kan vere ein måte å forenkle språket på, samstundes som det vil gjere valfridomen mindre. Rettskrivingsnemda skal revidere nynorskrettskrivinga. Den nye norma skal erstatte den vi har i dag, og vere klar frå Språkrådet si side 15. mai 2011. Les meir om nemda sitt arbeid her. |
| Sist oppdatert ( fredag 05. november 2010 09:55 ) |











