|
|||
| Vil ha valfritt sidemål |
|
Aust-Agder FpU og Grimstad Framstegsparti vil ha valfritt sidemål i vidaregåande skular, skriv NRK Sørlandet.
– Det er på tide at elevane får velje sjølve. Framstegspartiet er av den oppfatning at det å ha obligatorisk sidemålseksamen ikkje er til elevane sitt beste, seier Lene Langemyr i Grimstad Frp i ei pressemelding. Ho legg også vekt på at ein gjennomførte eit prøveprosjekt i ni Oslo-kommunar over ein treårsperiode og at sluttrapporten berre gav positive resultat om at det vart betre karakterer og at elevane fekk ei meir positiv haldning til sidemål. – Rapporten seier også at elevane vil lære og bli kjend med nynorsk, men ikkje ha eksamen i dette, seier ho til NRK Sørlandet. Lene Langemyr får støtte frå formann i Aust-Agder FpU, Jan Erik Buarøy som meiner dette er ei sak for Fylkestinget. – Det bør vere av tverrpolitisk interesse at elevane går ut av skulen med best mogleg karakterer. FpU meiner at obligatorisk eksamen i sidemål er med på å øydelegge snittet til mange elevar, og kan vere med på å hindre vidare utdanning, seier han til Agderposten. |
| Sist oppdatert ( onsdag 18. august 2010 12:07 ) |












