MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Optimist på nynorskavisa sine vegner
tysdag 24. august 2010 12:42    Skriv ut E-post
Optimist på nynorskavisa sine vegner

Ottar Grepstad

Dei nynorske avisene står sterkt på eigen bein. Dei motttar inga særskild pengestøtte frå det offentlege, men overlever på ein grenselaus idealisme. Det seierdirektør ved Ivar Aasen-tunet, Ottar Grepstad, som i desse dagar gir ut boka « Avisene som utvida Noreg-Nynorskpressa 1850-2010».

-  Det blir ofte sagt at nynorsken blir halde kunstig i live. Nynorskavisene er eit godt døme på at så ikkje er tilfelle. Bortsett frå Dag og Tid og Nynorsk pressekontor blir det ikkje gitt statleg støtte til nynorskaviser spesielt, seier Grepstad. Det som i stor grad er med og held desse avisane gåande, er samspelet mellom eigar, utgivar og lesar. Tradisjonelt har organisasjonar og enkeltmenneske i målrørsla vist stor vilje til å stille opp for sine aviser, både gjennom å dele økonomisk overskot, men og ved å bidra redaksjonelt, forklarar forfattaren.

I den nye boka si fortel Grepstad historia til nynorskpressa og viser utviklingstrekk frå 160 år med pressehistorie som tidlegare ikkje har vore samla på denne måten. Vi får vite at med unntak av ein periode på 70-talet, har det aldri vore fleire nynorskaviser i Noreg enn no. I dag finst det 58 aviser som er redigerte på nynorsk. Alle er fådagsaviser, med unntak av dagsavisa Firda. Og alle er lokalaviser, med unntak av Dag og Tid, fortel Grepstad. At den gjennomsnittlege nynorskavisa no er lokal er ikkje overraskande, meiner han.

- Den demografiske utviklinga og den allmenne sentraliseringa har ført oss hit. På 20 og 30-talet var det fleire nynorske byaviser, og nynorskmiljøa hadde tettare tilknyting til byområda. Slik er det ikkje lenger. Historisk veit vi og at den nynorske avistradisjonen fekk seg ein knekk ved okkupasjonen i 1940.

Når det gjeld framtida for nynorskavisene, er Ottar Grepstad optimist. Han meiner dei fleste lokalavisene heng godt med inn i den digitale tidsalderen, og viser til at 52 av 58 nynorskaviser i dag satsar på nett.

- Desse avisene har drive ein form for interaktivitet med sine lesarar også før media vart digitalisert. Tidlegare var mange av desse avisene avhengige av bidrag frå publikum, mykje grunna mangel på nynorskskrivande journalistar.

Å dra veksel på skriveføre lesarar på denne måten har det vore tradisjon for i nynorskavisene, og Grepstad meiner denne tradisjonen har mange element frå dagens interaktive mediekvardag i seg.

- Samstundes ser vi at somme små aviser bevisst prioriterer papirutgåvene sine og ikkje ser seg råd til å satse på nett. Det har eg respekt for, seier Grepstad, som minner om at Internett som fenomen trass alt er svært ungt.

- Vi må hugse på at den eldste nettavisa berre er femten år gammal. Den eldste nolevande papiravisa, Hordaland, har vore i drift sidan 1873. Hordaland skifta for øvrig til landsmål i 1908.

 

Sist oppdatert ( tysdag 24. august 2010 13:38 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009