MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Klar for framtida
onsdag 25. august 2010 13:19    Skriv ut E-post
Klar for framtida

No er nettstaden Framtida.no snart klar til å møte ungdommane.

Redaktør Svein Olav Langåker er nøgd med resultet. I byrjinga av september blir det lansering av nettavisa.

– Me har prøvd å gje han eit enkelt og moderne design som er lett for brukarane å navigera i, slik at ein finn det ein vil ha og blir freista til å lesa meir og bidra sjølv. Me vil bli oppfatta som seriøse, utan å vera kjedelege.
 
Nettavisa skal rette seg mot eit publikum mellom 15 – 25 år og er eit resultat av eit samarbeid mellom LNK og ABC Startsida, men har også Pirion, LLA, Magasinett, valprosjektet Mot til å meina og Kultur – og kyrkjedepartementet som samarbeidspartar. I tillegg kjem ei rekke aviser som skal levere innhald til nettstaden. 

Oppmodar kommunane
- Nettstaden vil innehalde artiklar som me har skrive sjølv eller ein av dei kring ti samarbeidspartnarane våre har skrive. Pluss kommentarartiklar frå dei 12 spaltistane me har avtale med. I tillegg oppmodar me brukarane våre til å skriva, og me legg opp til mykje brukarinvolvering med skrive- og biletkonkurransar, skrivestafettar og høve til å kommentera artiklar og skriva eigne innlegg. Dessutan kjem me med ein quiz som me håpar fleire vil bryna seg på, seier Langåker som viser til at ein no må arbeide for å gjere Framtida.no kjent blant fleire, slik at nettstaden får fleire lesarar og bidragsytarar.

No oppmodar han LNK-kommunane til å bruke sida, og ikkje minst til å ta kontakt dersom dei vil ha nyhende frå Framtida.no direkte inn på kommunen eller skulane sine heimesider.

- Me kan òg hjelpa kommunane med å laga eigne soner for ungdomsråda deira, slik at ungdom får ein møteplass med å koma med innspel, diskutera og røysta over og lansera nye kampsaker.

Stimulerer til debatt
– Kva håpar de nettstaden kan føre til?

– Me har fleire mål. Me vil bidra til å synleggjera og styrkja engasjementet til unge. Framtida.no er knytt opp mot LLA-prosjektet Ung & Engasjert og prosjektet Mot til å meina, som Garborgsenteret står bak, og som begge er støtta av Kommunaldepartementet for å få auka den politiske deltakinga til unge. Me vil òg styrkja nynorsken, og flesteparten av bidragsytarane og alt me skriv sjølv vil vera på nynorsk.
 
Sjølv skal Svein Olav Langåker både skrive, redigere innkome stoff og ikkje minst stimulere til at ein får ein levande debatt på sida. Med seg har han fått fleire kjende skribentar.

- Ja, me har no fått ja frå 12 kommentatorar som skal skriva for oss. Bortsett frå Are Kalvø er alle under 30 år. Blant andre skriv leiaren for Norsk Målungdom, Janne Nygård, leiaren for Natur og Ungdom, Ola S. Elvevold, nestleiar i Noregs Mållag, Jens Kihl, leiaren i Sosialistisk Ungdom, Olav Magnus Linge, leiaren frå Kristeleg Folkepartis Ungdom, Kjell Ingolf Ropstad og ei rad andre unge både med og utan verv. Og me er enno opne for å få fleire. Me har hatt ei referansegruppe på 100 ungdommar, og fleire av dei har allereie teke kontakt og sagt at dei har lyst til å skriva.

Variert innhald
Framtida.no vil ha nyhende frå både kultur, politikk, skule og jobb utifrå unge sin synsvinkel. Sakene vil ofte bli vinkla mot kva konsekvensar dei får for unge, og ein vil prøve å få tak i dei unge sine meiningar.
 
 – Stoffet me hentar frå lokalavisene vil vera stoff som òg har relevans utover lokalmiljøet. Me har òg lyst til å visa fram alt det positive som skjer i ungdomsmiljø som kan vera til inspirasjon for andre, seier Langåker.
 

Sist oppdatert ( onsdag 25. august 2010 13:27 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009