MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Nynorskbarnehagar får bokmålsbrev
tysdag 31. august 2010 09:05    Skriv ut E-post
Nynorskbarnehagar får bokmålsbrev

barnehagen

Rett før barnehageåret tok til i haust dumpa det 7 kilo med statlege informasjonsbrev i posten til nynorskkommunen Ørsta. Samtlege brosjyrar var på bokmål.

Informasjonbrevet Velkommen til barnehagen blir sendt ut frå Kunnskapsdepartementet til alle kommunar i landet slik at dei kan delast ut til foreldra ved starten av nytt barnehageår.

- Bak på brosjyren står det at den også finst på andre urdu, arabisk, samisk og andre språk, men ikkje eit ord om at han finst på nynorsk, seier Borgny Ottestad Knarvik som er rådgjevar for barnehagane i Ørsta kommune. - Eg ringde då til departementet og spurde om det ikkje var meininga at vi skulle få den på nynorsk.

Hjå departementet kunne dei informere om at nynorskutgåva var under utarbeiding, men at den dessverre var noko forseinka. Og riktig nok, to veker seinare kom alle nynorskbrosjyrane til Ørsta. Då var barnehageåret allereie i gong.

Borgny Ottestad Knarvik reagerer først og fremst på det ho opplever som eit forsøk på å lure nynorskkommunane til å bruke informasjon på bokmål.

- Hadde eg ikkje ringt til departementet og spurd etter nynorskutgåva, ville eg ikkje vist at ho fanst ein gong. Då hadde vi truleg berre distribuert bokmålsversjonen som kom først.

I Ørsta kommune er alle barnehagane opptekne av å bruke nynorsk, og kommunen samarbeider med Ørsta mållag om å få enno meir fokus på nynorsk i barnehagen.

- Vi tar dette alvorleg og er nok litt over middels intersserte i språket, seier rådgjevaren.

Samstundes er ho og oppgitt over miljøperspektivet i denne saka. Slik stoda no er sit Ørsta kommune, og truleg andre nynorskkommunar, med dobbelt opp med materiell. Sjølv om det berre er snakk om eit enkelt A4-ark til kvar forelder, så utgjer det for Ørsta sin del 7 kilo for kvar målform. Når barnehagestyrarane sette ut dei to kassene med brosjyrar til feorldra, så forsvann nynorskbrosjyrane, men ikkje dei andre.

- Dette er veldig sløvt av departementet, seier Ottestad Knarvik. - Og litt komisk blir det når departementet avsluttar e-postkommunikasjonen sin med ei opmoding om å ikkje skrive ut denne e-posten for å spare miljøet.

Sist oppdatert ( tysdag 31. august 2010 09:51 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009