MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Klar til å lenke seg fast
torsdag 02. september 2010 12:07    Skriv ut E-post
Klar til å lenke seg fast

Synnøve Kvamme (19) har kjempa for heimbygda si, Granvin, i fem år. Regjeringspolitikarane har ho lite til overs for.

- Det er eit stort naturinngrep dei vil setje i verk, seier Synnøve Kvamme og ser oppover fjellsidene i heimbygda.

Ho peiker utover Hardangerfjorden og viser kor kraftlina kjem til å krysse sjøen, midt mellom Granvinbygda og Kvanndal-Utne-ferja. Totalt kjem lina til å krysse fjorden, som kvart år trekkjer til seg fleire tusen turistar, tre stader.

- Kraftlinene skal gå gjennom støls- og beiteområde og mykje urørt natur, held Synnøve, som er leiar i Granvin ungdomsråd, fram.

 Møte med ministeren

Det kom som eit sjokk på henne då statsministeren kom med nyhenda 2. juli: Regjeringa var samd i å byggje massive master for å produsere og frakte straum i luftspenn frå Sima i Hardanger til Samnanger og vidare mot Bergensregionen.

- Vi blei kalla inn til eit møte med olje- og energiminister Terje Riis-Johansen så seint som i juni. Han ville då høyre fleire sider av saka. Vi blei etter dette lova ei uavhengig utgreiing om kraftsituasjonen i Bergen, fortel ho.

På møtet var hardangerordførarar, NVE og Statnett til stades. Synnøve var letta etter møtet og kjende seg endeleg høyrd. Rapporten om straumsituasjonen i Bergen skulle vere ferdig i november. Så gjekk det berre nokre få veker før ei sak som regjeringa like før hadde lova å bruke god tid på, med eitt hasta, og luftspennet blei bestemt.

Saknar heilskap
-
Vi kjende oss lurde. Møtet i juni var ikkje anna enn spel for galleriet slik eg ser det i ettertid, kommenterer ein skuffa ungdomsrådsleiar.

Den over seksti sider lange rapporten som kom i postkassa i samband med julivedtaket, gjorde henne ikkje mindre frustrert og fortvila over arbeidet til regjeringa.

- Der er inga heilskapleg vurdering. Alle momenta, som omsynet til naturen, friluftslivet og dyrelivet, blir vurderte isolert. Der står heller ingenting om oss som bur der linene skal gå.

 Uærlege politikarar
-
Eg trudde politikarar på eit så høgt nivå kunne betre, held Synnøve fram.

At regjeringa stoler så blindt på Statnett og NVE, og ikkje får uavhengig ekspertise til å granske kor kritisk det eigentleg er med straumforsyninga i Bergen, opprører henne. Ho mistenkjer Statnett og regjeringa for å blåse opp og konstruere biletet av ei krise i Bergen, tufta på nokon uvanleg kalde dagar i vestlandshovudstaden sist vinter.

- Eg trur dette handlar meir om å elektrifisere sokkelen med vasskraft og å eksportere straum til utlandet. Eg har i utgangspunktet ikkje noko imot dette, men kvifor kan ikkje politikarane vere ærlege, undrar den engasjerte ungdommen.

Kortvarig glede
At vedtaket om luftlina skulle vekkje så stor motstand frå folk både i Hardanger og i landet elles, trur ho kom uventa på politikarane. Gleda var stor, men kortvarig, i Granvin 10. august då regjeringa måtte ta eit steg tilbake og gjere nytt vedtak om utreiing av sjøkabel på delar av traseen. At dei samstundes går i gang med arbeidet med lina i Samnanger, der det uansett blir luftspenn, uroar Synnøve.

- Dei seier at dei ikkje har tid til å vente. Eg trur regjeringa kjem til å konkludere med at det vil ta for lang tid å gå for sjøkabelalternativet. Eg trur det dei no gjer, handlar om å dempe motstanden og vinne tilbake tilliten frå folk.

Splittar Hardanger
Ei løysing med kabel på delar av traseen fører samstundes til eit splitta Hardanger. Herfrå har kravet heile tida vore kabel i sjø og jord heile vegen til Samnanger, seier Synnøve. Ho trur ein samla Hardanger-opposisjon er det einaste som verkeleg kan påverke politikarane som styrer frå Oslo.

- Det viktigaste no blir å få stoppa bygginga i Samnanger. Når arbeidet der først har starta, er det for seint, seier den uredde ungdommen, som er klar for å ta i bruk lenker, om det er det som må til.

Auka miljøinteresse
No er ho på flyttefot til Bergen for å jobbe eit halvår og tene pengar til å reise ut i verda. Kampen mot mastene vil halde fram frå vestlandshovudstaden.

- Så du er ikkje redd Bergen skal bli mørklagd medan du bur der?

- Nehei.

19-åringen vurderer sjukepleiarstudier etter at jobbing og reising er gjort unna.

- Så det blir ikkje politikar av deg?

- Det må i tilfelle bli lokalpolitikar, svarer ho kjapt.

Ho har blitt skeptisk mot statusen og makta som følgjer med det å vere storpolitikar. Dei fem åra Synnøve har jobba mot kraftlinene, har lært henne mykje, både på godt og vondt.

- Eg har blitt meir samfunnsmedviten. Eg blei kasta inn i politikken i denne saka, og eg har lært mykje om korleis regjeringa jobbar og demokratiske prosessar går føre seg. Eg er diverre ikkje imponert over mykje av det eg har opplevd her. Eg har også lese ein del, mellom anna om Alta-saka, og interessa for miljø og naturvern har blitt større, seier ho.

Vil bu i Granvin
Ho er redd det same vil skje i Hardanger som i Alta, om mastene blir bygde: i ettertid kjem det fram at inngrepet ikkje var naudsynt og kunne vore unngått. Kraftlinene frå Sima til Samnanger er planlagde rett gjennom staden der ho er oppvaksen og ser for seg ei framtid.

- Eg vil bu her. Vi har eit utruleg godt miljø her. Om kraftlinene kjem, vel eg kanskje ein annan stad i Hardanger, seier Synnøve og ser oppover fjellsidene igjen.

 

 

Sist oppdatert ( torsdag 02. september 2010 12:14 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009