|
|||
| Litteratur i dagevis |
|
Det blir tevling i bruk av sosiale medium, bokbad og kokkelering under dei femte nynorske litteraturdagane i Aurland. Litteraturdagane finn stad helga 29. til 31. oktober, og programmet var nyleg lansert. Forfattaren Rønnaug Kleiva opnar kalaset saman med Lars Klevstrand, Jens Brekke, Ola Bremnes og Roy Aron Myklebust. Kleiva var forøvrig festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela tidlegare i år. Frode Grytten, Finn Tokvam, Aina Basso og Magnhild Bruheim er mellom forfattarane som dukkar opp i løpet av helga. Humor vil dessutan vere ein vesentleg del av programmet, og det blir mellom anna standup-galla med Jon Schau, Dag Sørås og Thomas Leikvoll.
|
| Sist oppdatert ( måndag 06. september 2010 13:01 ) |












