MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Treng fleire kandidatar
måndag 20. september 2010 08:43    Skriv ut E-post
Treng fleire kandidatar

Liv Signe Navarsete

Berre tre kommunar har søkt om å få bli Årets nynorskkommune 2010, fortel Kommunal- og regionaldepartementet. No får kommunane ein ny sjanse.

Fristen for å søke gjekk ut torsdag 16. september, men no har departementet vedteke å utsetje fristen til 10. oktober.

- Eg veit at det er mange fleire gode kandidatar i Kommune-Noreg og at mange driv aktiv og god jobbing for å styrke nynorsken. Difor utset me fristen , seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i KRD til LNK-nytt.

Også i fjor måtte søknadsfristen forlengast.

- Mitt inntrykk er at ein del kommunar stiller for strenge krav til seg sjølve og trur at det er uoppnåeleg for dei å få ein slik pris. Slik er det ikkje. Stord vann i fjor og er eit godt eksempel på ein kommune som jobbar aktivt med god nynorsk, seier Sandbakken.

Prisen for Årets nynorskkommune vart innført i 2009 og skal gå til  ein kommune som har nynorsk som formell målform og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein særskild innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut i løpet av november. Juryen som skal avgjere kven som får prisen består av:

  • Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK)
  • Gunn Berit Gjerde, fylkestingsrepresentant (V) i Møre og Romsdal
  • Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser (LLA)
  • Sigfrid Tvitekkja, Språkrådet
  • Eli Johanne Lundemo, Kommunal- og regionaldepartementet.

 

Sist oppdatert ( måndag 20. september 2010 09:00 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009