Nynorsk Wikipedia snart 60 000

wikipediawikipedia

Nynorsk Wikipedia nærmar seg 60 000 publiserte artiklar. Leksikonet viser ei jamn utvikling på publiseringssida dei siste åra.

Wikipedia på nynorsk starta opp 31. juli 2004 og har sidan då publisert 59 869 artiklar. Nettstaden publiserte berre 6 000 artiklar til saman dei to første leveåra, men etter det har det hatt ein jamn vekst på omlag 15 000 artiklar årleg.

Nettleksikonet Wikipedia vart starta av gründerane Jimmy Wales og Larry Sanger i 2001 og er eit fleirspråkleg, nettbasert leksikon på meir enn 270 språk og med meir enn 91 000 aktive bidragsytarar.

Den engelskspråklege utgåva av Wikipedia er snart oppe i 3,5 millionar artiklar, medan bokmålsutgåva har 276 225 artiklar i sin base. Alt arbeid på Wkipedia blir i utgangspunktet gjort på dugnad. I 2007 gav Noregs Mållag eit arbeidsstipend på 50 000 kroner til Ranveig Mossige Thattai slik at ho kunne skrive enno meir i leksikonet.

 

Utskrift E-post