Nynorsk redaktørpris til Signy Fardal

Signy FardalSigny Fardal

Sjefredaktør Signy Fardal i motemagasinet Elle og Elle Interiør er tildelt Nynorsk redaktørpris for 2010.

Prisen blei delt ut under Dei nynorske mediedagane i Oslo fredag.

– Sjefredaktør Signy Fardal bidreg til å gjera nynorsk til eit mediespråk også på mote- og interiørområdet. Ho har òg markert seg i offentlege ordskifte om å sleppa nynorsken til i media som heilt lukkar nynorske ute på redaksjonell plass, heiter det i grunngjevinga.

Juryen peikar på at nynorsk knapt er å sjå i vekepressa, og at det har vore arbeidd for å bøta på dette. Under ein konferanse i 2007 fekk Signy Fardal ei utfordring i fanget. Ho fekk då eit direkte spørsmål om å ha artiklar på nynorsk i bladet sitt.

– Fardal tok utfordringa på strak arm, og utpå våren kom dei første artiklane på nynorsk. Etter tre og eit halvt år ser vi at det ikkje vart med eit eingongstilfelle, men at både motemagasinet Elle og Elle interiør jamt har artiklar på nynorsk, skriv juryen.

– Ein slik pris forpliktar, sa prisvinnaren då ho blei heidra med Nynorsk redaktørpris og lova at det framover kjem til å bli meir nynorsk i spaltene i Elle.

Signy Fardal kjem frå Sogndal og har ein mangslungen pressebakgrunn. Den første redaktøroppgåva var i Ungsosialisten. Deretter har vegen gått via Universitas, RadioOrakel, Klassekampen, Arbeiderbladet, Ny Tid, Dagbladet og Dagens Næringsliv, før ho i 1998 blei sjefredaktør for Elle. (©NPK)

UtskriftE-post