Kartlegg nynorskkommunane

Ei kartlegging skal no gi svaret på kva språklege tiltak som trengs i nynorskkommunane.

Det er Språkrådet, LNK og Nynorsk kultursentrum som står bak kartlegginga, som no har gått ut til alle nynorskkommunar og 11 av dei språknøytrale kommunane.

Bakgrunnen for kartlegginga er eit ønske om å finne ut stoda i nynorskkommunane, slik at staten kan leggje til rette for dei spesielle behova desse kommunane måtte ha.

I kartlegginga er det til dømes spørsmål om kva retningslinjer og språkpolitiske tiltak dei har i kommunane, og korleis statsorgana tek omsyn til målvedtaket i nynorskkommunar, seier rådgjevar Daniel Ims i Språkrådet.

Språkrådet fører som kjent tilsyn med om mållova blir fylgt opp, og Ims legg vekt på at det i stor grad er privatpersonar som klager på brot på mållova, og ikkje kommunar.

Det kan vere fleire grunnar til det. Det er også noko me håpar denne kartlegginga kan gi oss svar på, seier han.

Fristen for å svare på kartlegginga er sett til 20. desember, og Daniel Ims håpar ein kan ha resultata klare tidleg på nyåret. I ettertid vil det bli laga ein rapport med utgangspunkt i resultata, ein rapport som skal vere med og danne grunnlaget for den vidare språkpolitikken, både i Kommunal-og regionaldepartementet og i Kulturdepartementet.

– Dette er også ein god måte å kome i kontakt med kommunane på. Språkrådet har mykje kontakt med staten, men heller lite kontakt med kommunane, seier Ims.

UtskriftE-post