Fekk debutantpris

Helga FlatlandHelga Flatland

Telemarksforfattar Helga Flatland har fått Tarjei Vesaas' debutantpris for romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må.

Boka, som er skriven dels på nynorsk og dels på bokmål, fekk tidlegare i vinter Ungdommens kritikarpris. Frå før har Helga Flatland fått Aschehougs debutantstipend.

Helga Flatland er busett i Oslo. Ho har bachelorgrad i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo og har i tillegg treårig utdanning frå tekstforfattarlinja på Westerdals School of Communication.

Utskrift E-post