Etterlyser kommunalt engasjement

Direktøren for nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, oppmodar kommunane til å ta på seg meir språkleg ansvar, og ikkje berre overlate alt til staten.

Språksaka har tradisjonelt engasjert og engasjerer framleis innbyggjarane i norske kommunar. Grepstad viser til at skulemålform har vore tema for meir enn 400 folkerøystingar frå 1965 til no. Samstundes veit ein at 8 av 10 norske kommunar ikkje har ein plan for kommunen sin språkpolitikk. Ei nyleg gjennomført undersøking gjort mellom nynorskkommunar og språkleg nøytrale kommunar med tradisjon for nynorsk viser også at kommunane ikkje klagar når staten kommuniserer med kommunane på bokmål. Og det trass i at mållova krev at det offentlege skal vende seg til kommunen med den målforma kommunen sjølv har vedteke å bruke.

Kommunane gjer ikkje det dei kan, seier Grepstad. Mange kommunar gir språklege fritak for einskilde yrkesgrupper. Legar, ingeniørar og datafolk har gjennom fritak frå språkpolitikken blitt ein språkleg elite i norske kommunar.

Står vi i fare for å få ei språkleg politisering ovanfrå, spør Grepstad. Språkrådet vurderer oppfølginga av mållova kvart år. Tar kommunane opp dette i det heile tatt? Kven skal ein stole på i framtida: Staten eller kommunane?

Grepstad skisserer tre område kor kommunane bør ta eit større språkleg ansvar framover. Å syte for norskopplæring på nynorsk for innvandrarar i nynorskkommunar er eit viktig område, meiner han. Kommunane har òg eit ansvar for å for å følgje opp målbruk i barnehagane og sikre språkleg tryggleik for dei minste. Vidare har fylkeskommunen som skuleeigar eit ansvar for å syte for at læremiddel for vidaregåande skule ligg føre på båe målformer til same tid og same pris.

- Lokale vedtak og folkerøystingar har gjort språk til ei sak for mange. Kommunane må bruke den makta dei faktisk har i offentleg språkpolitkikk. God offentleg språkpolitikk fordrar kommunar som bryr seg, utfordrar Ottar Grepstad.

UtskriftE-post