Færre skuleelevar har nynorsk

Talet på elevar som har nynorsk som opplæringsmål går ned, viser tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI).

I skuleåret 2010/2011 hadde 12,96 prosent av elevane nynorsk som hovudmål, mot 13,18 i fjor og 13,35 i 2008/2009. Sogn og Fjordane er det einaste fylket av LNK-fylka som held stand, der har framleis 97,2 prosent av skuleelvane frå 1. til 10. klasse nynorsk som sitt hovudmål. Alle tala finn du hjå GSI.

 

LNK-fylka:

Prosent nynorskelevar 2008/2009 2009/2010 2010/2011
Oppland 19,8 19,5 19,1
Buskerud 3 2,9 2,8
Telemark 13 11,9 11,1
Aust-Agder 6,4 5,9 5,6
Vest-Agder 3,5 3,4 3,3
Rogaland 25,2 24,9 24,5
Hordaland 40,5 40,1 39,7
Sogn og Fjordane 97,1 97,2 97,2
Møre og Romsdal 53,4 53,2 52,5

I LNK-avisa neste gong kan du lese om Halsa kommune som skal ha folkerøysting om skulemål til hausten. LNK-avisa nr 4 kjem neste veke.

Utskrift E-post