Aukra inn i LNK

Sist veke gjekk kommunestyret inn for å bli medlem i LNK. Kystkommunen på Romsdalskysten jobbar for tida aktivt med kommuneplan og strategisk næringsplan og har den siste tida hatt hektisk møteaktivitet for både folkevalde og folket sjølv.

 

 

- Vi veit ikkje ennå heilt kva det vil bety for oss å vere med i LNK. Det får vi sjå etter kvart, seier ordførar Bernhard Riksfjord.

Aukra kommune er ein aktiv nynorskbrukar, sjølv om dei ikkje har formelt vedtatt at nynorsk er skriftspråket deira.

- Det er heilt naturleg og allment akseptert i kommunen at det er nynorsk vi bruker, seier ordføraren.

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, er nøgd med at Aukra nå blir ein av rundt 120 LNK-medlemer.

- Styreleiar og eg besøkte dette området for nokre månader sidan. Aukra verkar å vere ein spennande kommune kor det skjer mykje. Vi er glade for å få dei med, seier han.

Aukra kommune har 3.142 innbyggjarar og er heller ikkje stor i areal. 58,5 kvadratkilometer dekkjer den ferske LNK-kommunen.

Det jobbast i desse dagar med ei ferjefri forbinding på E39 Kyststamveien over Romsdalsfjorden. Blir dette ein realitet vil det bli bru mellom øyene Otrøya (Midsund kommune) og Gossen, som ligg i Aukra kommune. Den såkalla Møreaksen vil gjere at ein kan køyre mellom Ålesund og Molde på ein time og vegen blir dermed også kortare til storbyen for Aukra-innbyggjarane.

Når det gjeld næringsliv er det gass og Ormen Lange som skapar spenning i kystkommunen. Viss alt går etter planane vil det bli ilandført nye gassfelt i Norskehavet til Nyhamna i Aukra.

- Dersom Storting og regjering går inn for og gir si tilslutning og vedtak til det, vil ein kunne utvikle Nyhamna i Aukra til eit moderne og framtidsretta gassknutepunkt, fortel Aukra-ordføraren på kommunen si heimeside.

Næringslivet i Aukra er elles dominert av næringar knytt til hav og sjø med skipsverft, offshoreindustri, oppdrett og fiskeforedling.

Viss du besøkjer Aukra og har litt tid, kan du låne deg sykkel hos kommunen og velje deg ut ei passande løype. Kommunen har gitt ut ein eigen brosjyre med tre sykkelløyper du kan sykle. Du kan oppleve fiskevær, skog, gass-anlegg, holmar, skjær; du kan fiske, leige deg ein kano og ete nistepakka i ein gapahuk.

 

Utskrift E-post