MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Sommarsnakk med Terje Espe
fredag 05. august 2011 11:00    Skriv ut E-post
Sommarsnakk med Terje Espe

Rockebandet Transistor påberoper seg å vere verdas einaste trønderrockband som syng på nynorsk.

Namn: Terje Espe

Alder: 60

Yrke: Vokalist og låtskrivar for Transistor

Brukar sommaren til: Det blir litt festivaljobbing no i starten, og så skal vi faktisk ha ferie heile juli før vi tar til med spelejobbane att i august.

Sei litt om forholdet til språket ditt: Eg er tospråkleg. I skuletida skreiv eg nynorsk, så den ballasten har eg med meg frå barneåra. Seinar blei det bokmål, men no er eg tilbake i nynorsken.

Korleis hadde det seg at Transistor byrja skrive låtar på nynorsk, då? Det er mi "skuld". Komponist Erling Solem trengde tekstar til eit heavyrockprosjekt han jobba med, og han bad meg om å skrive. Eg prøvde på engelsk, men det blei ikkje bra. Så sende eg han nokre tekstar på nynorsk - og det vart faktisk låtane til den første plata til Transistor.

Korleis er det å vere nynorskbrukar i ein bransje kor så mykje føregår på engelsk? Det ser ut at det kjem stadig fleire som bruker dialekt eller eit nynorsktilnærma språk i musikken sin. Vi opplever også at kritikarane ser og set pris på den språklege dimensjonen vår og kommenterer at tekst og musik kler kvarandre.

Så de har ikkje planar om å prøve dykk på engelsk? Nei.

Sist oppdatert ( fredag 05. august 2011 11:54 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009