Vil gjere noko med lærarutdanninga

MannMann

Språkrådet gjennomførte tidlegare i vinter ei undersøking kor det kom fram at det er kunnskapsmangel hos lærarane i nynorsk. Språkråd-direktør Arnfinn Muruvik Vonen vil dermed setje søkjelyset på lærarutdanninga.

- Det har kome fram i undersøkinga Språkrådet gjennomførte at kunnskapen er låg hos lærarane og at det gjer at dei er mindre motiverte for å bruke nynorsk i undervisinga. Kva tenkjer du då om lærarutdanninga, spurde mållagsleiar Håvard B. Øvregård Muruvik Vonen då det blei opna for spørsmål frå salen etter språkråd-direktøren si samtale med tidlegare NRK-journalist Audgunn Oltedal under Dei nynorske festspela.

- Undersøkinga vi hadde i vinter viser at det er kunnskapsmangel hos lærarane. Vi må gjere både lærarane og elevane merksame på at dei har reelt bruk for nynorsk i ei lang rekke jobbar, byrja Muruvik Vonen.

- Vi har dokumentert at noko må gjerast med lærarutdanninga, haldt han fram. Akkurat kva som skal gjerast kunne han ikkje seie noko om nå.

Arnfinn Muruvik Vonen peika under samtala med Audgunn Oltedal på at det ikkje er føremålstenleg å fjerne karakteren i sidemål i den norske skulen.

- Det er allereie ei stor utfordring å motivere elevane til å lære seg å bruke nynorsk, og viss vi fjernar karakteren vil dei bare bli endå vanskelegare å motivere dei, slo Muruvik Vonen fast.

Noreg har ifølgje språkråd-direktøren tradisjonelt vore eit tolerant land når det gjeld språk.

- Det viser seg mellom anna gjennom bruken av dialekt i det offentlege rommet, men eg trur vi har behov for å få meir kunnskap om nordmenn sine språkhaldningar, sa han.

Som han tidlegare har gjort, mellom anna i eit intervju tidlegare her på lnk.no, så var Muruvik Vonnen opptatt av å bruke Mål og meining, stortingsmeldinga, som rettesnor for sitt arbeid i Språkrådet.

Utskrift E-post