MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Sommarsnakk med Ingrid A. Opedal
onsdag 06. juli 2011 00:00    Skriv ut E-post
Sommarsnakk med Ingrid A. Opedal

Dame

Ho er tunvert, politikar og sportsidiot. Først og fremst er ho brennande oppteken av å ta vare på jorda for etterkomarane våre.

Namn: Ingrid I. Opedal

Alder: 56 år

Yrke: Tunvert

Skal bruke sommaren til: Først skal eg gjera ferdig etterarbeidet etter Dei nynorske festspela. Så skal eg feriera saman med familien min på Lofthus i Hardanger, der eg kjem frå, i tre veker. Der skal me feira 90-årsdagen til mor mi, eta masse moreller (og delta på den store morellfestivalen i slutten av juli) og viss veret klaffar vonar eg det vert ein fjelltur til hytta vår langt inne på Hardangervidda. Det er den beste ferien eg kan få!

- Kor viktig er språket i ditt arbeid som tunvert? På ein skala frå 1 til 10? Eg brukar nok språket mest munnleg i jobben min, ettersom hovudoppgåva mi som tunvert er å ynskja folk velkomne til Ivar Aasen-tunet. Harding-dialekten er nok litt avslepen etter mange år heimafrå, men eg har eit språk eg kjenner meg trygg i og får uttrykt det eg vil på, og det er viktig. Når eg skriv i jobbsamanheng er eg sjølvsagt oppteken av å skriva god og rett nynorsk, i samsvar med husnorma me har i Aasen-tunet.

- Kor viktig er språket for deg som politikar? Som politikar har ein fleire roller: Ein skal kommunisera med veljarane og helst overtyda dei om at eg og partiet mitt har den beste politikken, ein skal vera forvaltar av eit nasjonalt lovverk og ein skal driva utviklingsarbeid i lokalsamfunnet. Siste åra har eg teke meg sjølv i å snakka som ein byråkrat; det prøver eg å gjera noko med. Viss ikkje me politikarar greier å snakka om det som er viktig for folk på ein forståeleg måte, fjernar me oss frå dei me skal tena. Som lokalpolitikar i nynorskkommunen Volda og nynorskfylket Møre og Romsdal er det å styrkja nynorsken på alle plan ei viktig oppgåve. Det handlar om identitet og kulturell sjølvkjensle.

- Korleis er du nøgd med dei 20. nynorske festspela? Eg er strålande nøgd, fordi dei aller fleste tilbakemeldingane frå publikum er så gode. Og, for å sitera ein festspelgjest: For oss nynorskingar gjer det godt å vera saman med andre i "menigheita" nokre dagar og sleppa å argumentera for det me synest er sjølvsagt! Det aukar sjølvkjensla og gjev mot til å stå på vidare for språkleg og kulturelt mangfald i Noreg.

- Kva er viktigast for deg som politikar? Her vil eg igjen sitera ein god kjenning: Me skal berge verda, ha det kjekt og tene pengar! Heilt sidan eg vart medlem i Framtiden i våre hender har eg vore oppteken av naturvern, miljø og solidaritet. Me er så avhengige av at naturen fungerer, og av å spela på lag med han. Og me er avhengige av å ta vare på den dyrka jorda for å sikre nok mat i framtida. Det gjer me ikkje i dag. Me lever i ein røyndom der vekstfilosofien er innebygd i det meste. Greier me ikkje å snu på flisa, gjera dei naudsynte grepa for å stansa klimaendringane og tapet av artsmangfald, går det mot stupet. Ein vert lett avmektig: Difor synest eg sitatet eg starta med er så godt. Det å ta vare på jorda treng ikkje gjera livet asketisk og grått. Tvert om, det kan tvert om betra livskvaliteten, skapa nye grøne arbeidsplassar og me kan til og med tene pengar på det (som sjølvsagt skal fordelast meir rettvist enn i dag, både her i landet og globalt).

- Du har vore engasjert i lokalpolitikken for SV i 20 år. Kor lenge skal du halde fram med det? Etter 20 spanande og lærerike år i kommunepolitikken i Volda takkar eg for meg, og vonar som 2. kandidat på Møre og Romsdal SV si liste til fylkesvalet å verta fylkespolitikar frå hausten.

- Kva gjer du når du ikkje er på jobb som tunvert eller politikar? Sport på tv? Kor har du det i frå? Jau, eg må vel innrøma at eg er ein ganske stor sportsidiot - nærast altetande, men skiskyting er vel favoritten viss eg må velja. Dette er mi form for avkobling, i tillegg prøver eg å koma meg ut i skogen på sopp- og bærturar når hausten kjem. Elles er eg altfor lite flink til å trimma. Kvar gong det er festspel tenkjer eg og at eg gjerne skulle hatt meir tid til å lesa alle dei gode bøkene som kjem ut, men det vert diverre salderingsposten. Men saksdokument kan no vera spanande det òg ...

- Fortel om ditt forhold til den finske artisten M. A. Numminen: Eg skjønar du har dine informantar! Eg trur det må vera omlag 15 år sidan eg opplevde han og gruppa hans på Vossajazz, og etter det har eg vore stor-fan! Eg har mange av cd'ane hans. Han er ganske galen, trur eg, og slike har eg sansen for. Samstundes har han arbeidd med språkfilosofi, difor har eg, saman med andre tilhengjarar i Volda, lenge prøvd å få han på plakaten i Aasen-tunet eller på festspela. Så langt har me ikkje lukkast, diverre.

- Kva tid kjem Numminen til festspela? Eg vonar stadig: Til neste år?

Sist oppdatert ( tysdag 05. juli 2011 09:41 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009