|
|||
| Nynorskdugnad fungerer på nett |
|
Nynorsk lever godt som «dataspråk» på nettsider der brukarane sjølve står for omsetjinga på dugnad. Det er Facebook og Wikipedia gode døme på. Oppslagsverket Wikipedia kom med nynorsk grensesnitt i 2004. Det er brukarane som legg ut artiklar på nettstaden, og det er lagt ut over 66 000 artiklar på nynorsk etter at artikkelen om øya Sekken i Molde starta ballet. Talet på artiklar har dei tre siste åra auka meir i nynorskversjonen enn i versjonane på bokmål og engelsk. Nettsamfunnet Facebook starta også i 2004. Til Noreg kom det i 2006, men dei to fyrste åra var brukargrensesnittet berre tilgjengeleg på engelsk. I 2008 kom det versjonar på andre språk. Spansk var det fyrste språket Facebook vart omsett til. 1500 spansktalande brukarar deltok friviljug i omsetjinga. Den spanske utgåva var klar på fire veker. Tre år med dulting Det er uråd å seia kor mange som brukar Facebook på nynorsk, men det er om lag 2,5 millionar nordmenn som er aktive i nettsamfunnet. Det kan tyda på at det er eit par hundre tusen som følgjer med på «nyhendestraumen» på sin profil i staden for «nyhetsoppdateringer». Facebook er dessutan språkmessig interessant fordi meir enn 60 prosent av brukarane nyttar dialekt når dei skriv meldingar, statusoppdateringar og anna, ifølgje Språkrådet. Starta tilfeldig Bjarte Sørensen frå Hjelmeland er ein av 23 aktive administratorar på nynorsk Wikipedia. Det var også han som oppretta nynorskversjonen ganske tilfeldig som 25-åring 31. juli 2004. – Eg studerte i Australia på den tida, og var inne på Wikipedia. Eg hadde lyst til å leggja ut artiklar på den norske utgåva, men det meste der var på bokmål. Eg opplevde også at artiklar eg la ut på nynorsk, vart redigerte og omsette til bokmål att av andre brukarar. Heilt tilfeldig sjekka eg om adressa til ein nynorskversjon var ledig. Det var ho, og eg fann også eit menyval for å oppretta ein ny wikipedia. Det menyvalet skulle ikkje ha vore der, men eg trykte på det, og dermed var det heile i gang, fortel Sørensen. Språksplitting – Det var ganske internasjonalt i starten. Eg sat i Sydney, og fekk med meg folk som mellom anna budde i London og New York. Det dukka stadig opp fleire som gjerne ville skriva på den målforma dei meistra best, seier Sørensen. I byrjinga var det dessutan ein diskusjon med folka bak bokmålsversjonen om vegen vidare. Somme meinte det var feil å splitta dei to versjonane. Ei avrøysting blant dei mest aktive brukarane enda då også med at det berre burde vera éin norsk versjon, men Sørensen og dei andre nynorskfolka arbeidde likevel vidare. – Dette var eit dugnadsprosjekt som levde sitt eige liv. Me såg ingen grunn til å stoppa det. Det vart i staden sett i gang eit samarbeidsprosjekt kalla Scanwiki, der dei to norske versjonane samarbeidde med dei danske og svenske versjonane. Det er ikkje alle artiklar som er skrivne frå botnen av. Mange av artiklane på Wikipedia er omsette frå andre språkversjonar. Det som er kjekt, er at når same artikkelen er lagd ut på fleire språk, så vil brukarane sjølve redigera og føya til ny informasjon. Det gjer at artiklane gjerne utviklar seg ulikt i ettertid, seier Sørensen. Ein nerd i dei fleste – Det hender at skuleelevar og andre legg ut feil informasjon, banning og anna me ikkje vil ha. Me prøver å takla dei også på ein god måte, og heller få dei til å bli gode bidragsytarar, seier han. – Er det stort sett nerdar som legg ut artiklar på Wikipedia? – Det bur vel ein nerd i dei fleste, og det er mange som legg ut lange og gode artiklar om sine heilt spesielle interesseområde, men det er både studentar, familiefolk og andre blant brukarane som bidrar. Eg oppmodar alle til å leggja ut artiklar og redigera det dei meiner er feil eller mangelfullt. Kvar artikkel på Wikipedia har også ei tilhøyrande diskusjonsside. Ein kan også gå inn der og koma med sine kommentarar, oppmodar Sørensen, som ikkje er i tvil om at nynorsk Wikipedia vil halda fram den gode utviklinga. – Det krev at det er nokre eldsjeler. Sjølv er eg ikkje særleg aktiv lenger, men når nokre fell frå, er det andre som kjem til. Kvaliteten blir også stadig betre. Folk har blitt flinkare til å leggja til kjelder for informasjonen dei legg ut. Det er viktig. Slik unngår ein at innhald blir sletta fordi kvaliteten på faktainformasjonen ikkje kan dokumenterast, seier Bjarte Sørensen. ______________________________________________________________ Wikipedia Facebook
|
| Sist oppdatert ( tysdag 19. juli 2011 08:41 ) |











