MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Det du ser, og det du gjer
torsdag 28. juli 2011 00:00    Skriv ut E-post
Det du ser, og det du gjer

 Jon Grepstad og Trond Trosterud

Skal nynorsk ha ei framtid som brukarspråk i datateknologien, må brukarane vera like mykje opptekne av det dei gjer, som av det dei ser, meiner professor Trond Trosterud.

For ti år sidan var det tynt med programvare i nynorske versjonar, men dugnadsarbeidet med å omsetja Skulelinux i 2001 og laga nynorsk versjon av Open Office året etter, gjorde at det endra seg. I 2003 kom Microsoft Office med menyar og kommandoar på nynorsk. Parallelt med dette vart kravet om måljamstelling i programvare lagt inn i forskrifta for offentlege innkjøp og i opplæringslova.

– Skulelinux sette det heile i gang, men Microsoft vakna først då Open Office kom på nynorsk, seier Jon Grepstad, som den gongen var tilsett i Språkrådet og sto midt oppe i denne kampen.

– Det var dessutan viktig at islandsk, som er eit språk med færre brukarar enn nynorsk, fekk ein eigen språkversjon av Microsoft Office, legg han til.

Sild er også fisk
Professor Trond Trosterud ved Universitetet i Tromsø er samd i at programvareprodusentane har blitt flinkare, men meiner det er andre ting som er vel så viktige om nynorsk skal vera eit fungerande brukarspråk.

– Ein ting er det me ser, at menyvala er på nynorsk. Vel så viktig er det at det me gjer, fungerer på nynorsk. Me treng til dømes gode retteprogram og søkjemotorar som skjønar begge målformer. Norske lovar og forskrifter blir vedtekne vekselvis på nynorsk og bokmål. Om me søkjer på ordet «løyve», vil me gjerne ha treff på ordet «bevilling» også. Datamaskinar må bli flinkare til å skjøna ord som noko meir enn bokstavstrenger. Det gjeld ikkje berre i høve nynorsk og bokmål. Me vil også at søkjeordet «fisk» til dømes skal gi oss treff på dokument som inneheld ordet «sild», seier Trosterud.

– Det har vore viktig å få program som Microsoft Office på nynorsk, men folk bør vera meir opptekne av språkleg realpolitikk enn språkleg symbolpolitikk. Det hjelper lite om det offentlege lagar nettsider på begge målformer, dersom nynorskversjonen er mindre oppdatert og inneheld færre lenker enn bokmålversjon. Då bruker folk den siste etter å ha vitja nynorskversjonen éin gong, meiner Trosterud.

Treng offentlege krav
Grepstad og Trosterud er samde om at det i dag er ei relativt grei sak å omsetja brukargrensesnittet i dataprogram – det ein ser – til nye språk, men dei meiner det er viktig at det offentlege går føre og stiller krav.

– Eg har inga tru på at marknadskreftene ordnar dette på eiga hand. Nynorskfolk er ikkje flinke nok til å krevja, og heller ikkje godt nok oppdaterte på kva som er råd å få til, meiner Jon Grepstad.

– Om alle nynorskbrukarar ser på dataskjermen sin og tek inn over seg kor mykje som står på bokmål der, så skjønar me at den marknadsmakta me måtte ha, ikkje blir teken i bruk. Krav frå det offentlege er nok nødvendig for å få sjølve programvara på nynorsk, så er det opp til brukarane korleis me vil nytta det. Men data er generelt bra for minoritetsspråk. Det er enklare å få alt på nynorsk i dag enn den gong me måtte setja vår lit til at det lokale postkontoret hadde doble blankettsett. Og nynorsk står ganske sterkt på Internett. Nynorsk Wikipedia er blant dei språkversjonane som står aller sterkast i høve til talet på brukarar, seier Trond Trosterud, som også håpar på ein ny språkdugnad i tida som kjem.

– Omsetjingsprogrammet Apertium, som er basert på open kjeldekode og er ei gratis netteneste, må omarbeidast etter at ny rettskrivingsnorm er vedteken. Kven som skal retta dette programmet, som er eitt av to alternativ for omsetjing frå nynorsk til bokmål, er eit viktig spørsmål, meiner Trosterud.

 

Sist oppdatert ( torsdag 28. juli 2011 08:43 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009