Falturiltu fyller fem år

KvinneKvinne

Den andre veka i november blir Falturiltu, nynorsk barnebokfestival på Stord, arrangert for femte gong. Ingelin Røssland er festivalforfattar.

Programmet for Falturiltu 2011 blei presentert på måndag. Det er eit rikhaldig program og festivalen varar frå og med sundag 6. til og med fredag 11. november.

Blant dei som skal vere med på årets festival er barne-tv-vert, songar og låtskrivar Heidi Marie Westerheim, komponist Roy Ole Førland, forfattarane Atle Hansen, Per Olav Kaldestad, Roald Kaldestad, Asbjørn Rydland, Lars Mæhle, Atle Berge, Hilde Myklebust, Alf Kjetil Walgermo, Kristine Tofte, Erlend Flornes Skaret og Svein Tarald Framnes, Janne Karin Støylen frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, høgskulelektor Sissel Høisæter, omsetjar Øystein Rosse, Sogn og Fjordane teater, elevar frå Stord kulturskule og studentar frå Høgskolen Stord/Haugesund.

I løpet av festivalen blir det fleire opne førestillingar for barn og vaksne, forfattarbesøk i skulen, barnelitteraturseminar, skrivekurs, konsertar og utstilling av barneteikningar.

– Vi synest at vi har fått til eit spennande program for årets Falturiltu, og det håpar vi folk som deltar på festivalen blir samde i, seier Hege Myklebust, som er leiar av programkomiteeen for festivalen. Med seg har ho Jane Cathrin Særsten Junger, Roald Kaldestad og Atle Hansen.

– Vi feirar femårsjubileum i år og i løpet av desse åra har vi brukt litt tid på å finne vår form. Vi har eksperimentert og funne på nye ting. Målet er at vi både skal fornye oss og at Falturiltu skal vere gjenkjenneleg. Nytt i år er at vi har vald å fokusere på litt eldre barn og ungdom, held ho fram.

Temaet for årets festival er «Tøff i trynet», noko programkomiteen har vore bevisste på når dei har sett opp programmet. Valet av festivalforfattar har samanheng med temaet.

– Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen har gjerne hatt eit ord for seg for å vera velskriven, morosam, gjerne ironisk, poetisk og på eit høgt litterært nivå. Ingelin Røssland sine bøker har alt dette, men dei er i tillegg spennande, tøffe, provoserande og ikkje minst inne i si eiga tid. Røssland skriv om unge jenter med både mot og styrke, som til dømes Engel Winge som både har eit englefjes og er tøff i trynet, skriv Falturiltu på bloggen til festivalen.

– Vi inviterer mellom anna ungdomsband med på låtskrivarkurs i festivalveka. På kurset ønskjer vi å fokusere på å skrive songar på norsk. Dette kurset skal munna ut i ein rockekonsert, fortel Hege Myklebust.

Det er mykje som skjer også før festivalen begynner.

– Heidi Sævareid skal ha bokkritikar-kurs med elevar på 8. trinnet på Nordbygda ungdomsskule allereie i neste veke. Her skal elevane lese bøker og lære å skrive bokmeldingar. Desse bokmeldingane blir presenterte på Framtida.no og på bloggen fram mot Falturiltu, seier Myklebust.

I tillegg førebur elevar i kulturskulen og vidaregåande skule utstillingar, førestillingar og konsertar. Studentar ved høgskulen jobbar også med  kunst- og musikkprosjekt til den nynorske barnebokfestivalen.

– Kven er det som kan ha utbyte av å besøke Falturiltu?

– I tillegg til barn og ungdom sjølv, inviterer vi alle som er rundt dei og som skal formidle lesing og leselyst for dei: Foreldre, besteforeldre, onklar, tantar, lærarar, bibliotekarar og elles alle interesserte, sluttar Myklebust.

Utskrift E-post