Startar opp att Hamar mållag

Foto: Jo E. Brenden/Hamar DagbladFoto: Jo E. Brenden/Hamar Dagblad

Etter ei samling med fagleg påfyll og innspel i den språkpolitiske debatten, vart det i går klart at det blir blese liv att i mållaget på Hamar.

Initiativtakar og målmann Jens Haugan er i dag fornøgd med at ein no har fått Hamar dialekt- og mållag på beina, og han er også førespegla å bli den nye leiaren av laget.

Haugan, som til dagleg er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Hedmark, er ein profilert målmann i Hamar-området. Han har gjort seg synleg i språkdebatten dei fire åra han har budd på Hamar.

Han er oppteken av at nynorsk ikkje er eit vestlandsfenomen, men håper å kunne vinne fram med si oppfatning at mange av dialektane på Austlandet også er nære nynorsken.

– Eg ønskjer at folk frå Løten, Stange, Ringsaker - og også Hamar - skal finne tilbake til sin identitet og sitt språk.

Ved å setje eigen identitet og dialekt i høgsetet kan ein gjerne motverke at folk som reiser innom Oslo på sin livsveg legg av seg dialekten der, meiner den kommande leiaren for Hamar dialekt- og mållag.

Laget vil konstituere seg på eit årsmøte i februar.

 

Utskrift E-post