|
|||
| Vil ha ungdomsråd i alle kommunar |
|
Barneombodet krev eit ungdomsparlament for heile Noreg, og ungdomsråd i alle kommunar og fylke.
15. desember legg Trond-Viggo Torgersen og resten av Ungdommens maktutgreiing fram sine forslag til korleis ungdom kan få meir innverknad i samfunnet og i kvardagen sin. I høyringssvaret går barneombod Reidar Hjermann inn for å lovfesta at alle kommunar skal ha ungdomsråd, fortel Framtida.no.
Ei undersøking frå 2010 viser at over 62 kommunar er utan medverknadsorgan for born og ungdom. Berre 16 prosent av kommunane meiner dei i stor grad høyrer på ungdom. Til samanlikning er alle kommunar pliktige å ha eldreråd. Les heile saka hos Framtida.no! |
| Sist oppdatert ( torsdag 01. desember 2011 14:07 ) |











