|
|||
| Yngve Slettholm blir ny leiar av Kulturrådet |
|
Kopinor-direktør Yngve Slettholm vart i statsråd fredag utnemnd til ny leiar av Kulturrådet.Den tidlegare KrF-politikaren tek dermed over for Bentein Baardson frå nyttår. Asta Busingye Lydersen er samtidig utnemnd til første nestleiar, mens Arnfinn Bjerkestrand blir andre nestleiar i rådet. Marianne Olsen og Iren Reppen er nye medlemmer i rådet dei neste fire åra. Arne Fagerholt og Ingar Sletten Kolloen tar over plassane til Ingrid Lorentzen og Olaug Nilssen i 2012 og 2013. Lorentzen og Nilssen har begge bedt om fritak frå verva sine resten av rådsperioden. Norsk kulturråd forvaltar Norsk kulturfond og er eit rådgivande organ for staten i kulturspørsmål. Rådet har ti medlemmer som sit for ein periode på fire år. Halvparten av medlemmene blir bytte ut annakvart år. Det nye Kulturrådet * Yngve Slettholm, Oslo, leiar * Asta Busingye Lydersen, Oslo, første nestleiar * Arnfinn Bjerkestrand, Oslo, andre nestleiar * Marianne Olsen, Tromsø * Iren Reppen, Tromsø * Arne Fagerholt, Orkdal * Ingar Sletten Kolloen, Lillehammer * Solveig Øvstebø, Kvinnherad * Erik Fosnes Hansen, Oslo * Gro Persson, Sandnes * Varamedlemmer 2012– 2015: Geir Harald Samuelsen og Luba Kuzovnikova * Varamedlemmer 2009– 2013: Corinne Lyche Campos og Harald Solberg . (©NPK) |
| Sist oppdatert ( fredag 02. desember 2011 14:03 ) |











