MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Tomas Espedal avslo Riksmålsprisen
onsdag 07. desember 2011 11:51    Skriv ut E-post
Tomas Espedal avslo Riksmålsprisen

Mann

Forfattar Tomas Espedal takka nei til Riksmålsprisen, fordi han ikkje ønskjer å stå på same lista som tidlegare prisvinnarar og fordi han ikkje er samd i språkpolitikken til Riksmålsforbundet.

Han vann Brageprisen 2011, Gyldendalprisen 2009 og Kritikerprisen 2009. Han har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris to gonger. Den første boka, «En vill flukt av parfymer», gav han ut i 1988, og sidan har det kome 10 utgjevingar frå hans forfattarpenn. Wikipedia kallar bøkene hans for «genrediffuse selvbiografiske og selvutleverende romaner ». Bøkene hans er gitt ut i ti land.

Sidan 1957 har Riksmålsprisen blitt delt ut til forfattarar som viser god språkleg meistring i riksmålet. Tomas Espedal er den første forfattaren som har takka nei til prisen.

– Då eg skulle skrive takketalen, forstod eg at eg ikkje klarte å seie takk. Dei første dagane etter at eg fekk beskjeden om at eg skulle få prisen, sette eg meg inn i kva Riksmålsforbundet står for og las tidsskriftet deira, «Ordet». Det var ingenting der eg kunne identifisere meg med. Ingenting, seier Espedal til Bergens Tidende.

Han fortel vidare til BT at Riksmålsforbundet si tenking rundt språk og rettskriving er framand for han.

– Dei set opp strenge reglar for korleis språket skal vere og ikkje vere. Ein kan til dømes ikkje skrive dialekt.

Den andre årsaka til at han avslår prisen er dei tidlegare prisvinnarane.

– Lista over prisvinnarane er ei skjøn foreining av antroposofar og forfattarar som står meg veldig fjernt. Ingen forfattarar står fjernare for meg enn André Bjerke og Jens Bjørneboe. Ein må kunne identifisere seg med andre som har mottatt prisen. Eg hadde ikkje lyst til å stå på den lista, seier han.

Juryformann og professor Finn-Erik Vinje er overraska over avslaget frå Espedal og synest det er beklageleg og keisamt.

– Tomas Espedal er ein verdig vinnar som er sikker i så språklege behandling. Men han er ein viljesterk mann og i sin fulle rett, uttaler han til BT.

Espedal seier til BT at avslaget handlar om identitet og kva han alltid har kjempa for.

– I generasjonar har vi i min familie identifisert oss med arbeidarkulturen. Dei gongene eg har støtt på riksmålet, har det vore i møte med næringslivsfolk og advokatar, og då har det vore ubehageleg for meg. Riksmålet har opphav i makten.

Han svarer nei på at avslaget hans har med språkpolitikk å gjere.

– Det er reint personleg. Heile den samtidslitteraturen eg liker, forsvinn om ein skal følgje Riksmålsforbundet si norm. Ta til dømes Øyvind Rimbereids «Jimmen» og Erlend O. Nødtvedts «Bergens beskrivelse». Begge brukar dialekt. Språk er opprør mot reglar. Det er det ufordragelege ved dette: Riksmålsforbundet si språkforståing er noko eg har motarbeida heile mitt liv. Eg er glad i språket med eit heilt motsett utgangspunkt enn det dei har, slår Espedal fast.

Tomas Espedal er fødd i Bergen i 1961. Han er utdanna ved Universitetet i Bergen og har gitt ut både romanar og kortprosasamlingar.

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009