MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Troll i ord – eventyrleg språkopplæring
tysdag 20. desember 2011 11:47    Skriv ut E-post
Troll i ord – eventyrleg språkopplæring

Lotto

Det nyutvikla språkopplæringsmateriellet «Troll i ord» er konstruert for å skape jubel i barnegruppa når pedagogen tek det ned frå hylla.

Troll i ord er utvikla av firmaet GROM design i Vaksdal i Hordaland. Det står både språkforskarar og designarar bak det fleirspråklege opplæringsmateriellet.

– Troll i ord er leikbasert språkopplæring, tilrettelagd for både norsk- og framandspråklege elevar. Målet vårt er at kassa som inneheld Troll i ord, skal vere som ei skattkiste og noko barna skal sjå fram til å få arbeide med, seier prosjektleiar Synnøve Tveito.

Skattkistene Tveito snakkar om, inneheld fargerikt, svanemerkt materiell som stimulerer til betre språkopplæring gjennom ei rekkje aktivitetar. Temaet for Troll i ord er eventyr, og målgruppa er barn i barnehagealder og i dei lågaste stega på grunnskulen.

– Vi har laga ein læremiddelpakke som er basert på eventyret om guten som gjekk til nordavinden og kravde attende mjølet sitt. Denne inneheld, i tillegg til aktivitetane, også ei lærarrettleiing og er særskilt tiltenkt barnehagar og skular. Vi har også eit produkt som er basert på eventyret om bukkane Bruse. Dette er tiltenkt privatmarknaden, fortel Tveito.

Les også: Fleirspråklege ressursar

Troll i ord-kassane inneheld mellom anna eventyrhefte, figurar, ordkort, forteljarkort, puslespel, lottospel, tilgang til nettstaden Trollskogen og mykje anna. Alt er laga for at pedagogen kan leggje opp til språkbrukssituasjonar med utgangspunkt i eventyra. Materiellet er førebels utarbeidd på begge dei norske målformene, somali, urdu, engelsk, russisk og polsk, men GROM ser føre seg at det med tida kjem fleire aktivitetar, fleire språk, fleire plattformer og nytt materiell basert på fleire eventyr.

– Vi held mellom anna på med å utvikle ein eigen app til Ipad, og eige materiell til bruk på interaktive tavler er tilgjengeleg i Trollskogen. Dette kjem også på arabisk, fransk, tysk, spansk og kinesisk, og fleire språk er under utvikling. Vi har også planar om å utvikle materiell som er basert på nye eventyr, gjerne eventyr som er originalskrivne på andre språk i andre land, seier Synnøve Tveito, som meiner at barn har stor nytte av Troll i ord enten dei har norsk eller andre språk som morsmål.

– Det er sjølvsagt eit viktig verkty for framandspråklege barn som skal lære seg norsk, men Troll i ord stimulerer til at barna må kommunisere for å løyse utfordringar. Det lærer alle av, og norskspråklege barn vil også måtte gjere seg kjende med framande bokstavteikn og ord på andre språk når dei leikar med Troll i ord. Då vil dei framandspråklege barna vere ekspertane, seier Tveito.

FAKTA:

– Troll i ord blei lansert vinteren 2010/2011.

– Troll i ord er utvikla med støtte frå Utdanningsdirektoratet (læremiddelpakken) og Innovasjon Noreg (privatpakken).

– Meir informasjon om Troll i ord og demonstrasjon av den nettbaserte Trollskogen finn ein på www.trolliord.net

 

Sist oppdatert ( måndag 19. desember 2011 07:41 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009