|
|||
| Folkerøysting om vindmøller |
|
Førstkommande måndag skal innbyggjarane i Solund seie meininga si om bygging av vindmøller i kommunen. Det er eit framlegg om bygging av opp til hundre vindmøller i Solund kommune i Sogn og Fjordane som er gjenstand for folkerøystinga måndag 9. januar. Det ligg per i dag inne tre søknader hjå NVE om bygging av vindmøller i Solund, og kommunestyret skal gje si høyringsfråsegn i saka etter folkerøystinga. Ei slik folkerøysting er ikkje avgjerande i seg sjølv, berre rådgjevande. Solund kommune har tidlegare vedteke ein kommuneplan som er positiv til vindmøllepark, men i ettertid er fleire politikarar skulda for å vere inhabile fordi dei er grunneigarar eller er i slekt med folk som er det, melder Nynorsk pressekontor. Også ordførar Ole Gunnar Krakhellen kan måtte avstå frå å røyste i saka fordi far hans er grunneigar i eit av det berørte områda. |
| Sist oppdatert ( tysdag 03. januar 2012 11:59 ) |











