|
|||
| Fekk prisar for godt namnevett |
|
Ti verksemder i Sør- og Nord-Trøndelag fekk nyleg diplom for å ha valt seg gode og kreative norske namn. I følgje Språkrådet syner du godt namnevett mellom anna når du vel norsk framfor andre språk, praktiserer norske skrivereglar, nyttar ord frå lokal tradisjon og tek i bruk fantasi og humor. Dei ti som fekk diplom i 2011, heiter:
– Desse gode bedriftsnamna er bevis på at norsk språk duger til alt, også i næringslivet. Språkleik på norsk er ein god medisin mot bruken av engelsk i reklame i Noreg, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen til Sprakrad.no. – Bedriftene er svært viktige språkbrukarar. Når ei bedrift – stor eller lita – tek eit godt og kreativt norsk namn, er det med på å styrkje stillinga til det norske språket i samfunnet. Språkrådet deler ut diplom for godt namnevett i eit fylke eller ein landsdel kvart år. |
| Sist oppdatert ( fredag 06. januar 2012 15:01 ) |











