MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Skal kåre mest attraktive stad
tysdag 17. januar 2012 09:02    Skriv ut E-post
Skal kåre mest attraktive stad

lanseringsbilde

Det er stadig nye prisar ein kan få, også for ein kommune eller tettstad. Nytt av i år er statens pris for mest attraktive stad i landet, og den er på 250 000 kroner.

Prisen skal gå til ein kommune eller stad i landet kor ein har utmerka seg ved å "drive kvalitetsmessige og estetiske opprustningar av lokalsamfunn med mål å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring i og besøke", som det heiter i utlysinga. Alle kan føreslå kandidatar til prisen, og dei nominerte vil bli presenterte på Facebook og på heimesidene til Distriktssenteret.

Kåringa av vinnaren er det ein fagjury som skal ta seg av, og leiar for juryen er Erling Dokk Holm. Han har doktorgrad fra Arkitekt- og designhøyskolen, han har jobba mykje med byplanlegging og arkitektur. Dokk Holm er dessutan ivrig samfunnsdebatant og har faste spalter i Dagbladet Magasinet og Dagens Næringsliv. Husbanken og Distriktssenteret er sekretariat for prisen.

Prisen blir delt ut av Kommunal- og regionalminster Liv Signe Navarsete i juni.

Frist for å melde seg sjølv eller andre som kandidatar til prisen er 12. februar 2012.

Meir om prisen på Distriktssenteret sine nettsider.

Sist oppdatert ( tysdag 17. januar 2012 09:15 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009