MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Bokmålsmjølk frå nynorskland
onsdag 18. januar 2012 12:52    Skriv ut E-post
Bokmålsmjølk frå nynorskland

Mjølk

Tine serverer mjølk frå gardar i nynorskfylket Sogn og Fjordane innpakka i bokmål.

Sidan 9. januar har TineMelk levert mjølk frå Tine sine gardar i den regionen der forbrukarane bur. To av dei fire gardane som er valde ut til å pryde mjølkekartongane på Vestlandet er Brekke gard i Oppstryn og Kringla gard i Naustdal  - begge ligg i Norges nynorskfylke nummer ein, Sogn og Fjordane, skriv Sunnmørsposten.

Sagstad gard i Meland utanfor Bergen, og Sæleset gard i Hardanger er dei to andre vestlandsrepresentantane. Berre sistnemnde blir presentert på nynorsk, dei andre tre er kledde i bokmålsdrakt.

– Det du peikar på er eit dilemma for Tine. Vi er klare over at Vestlandet er ein region der målform betyr ein god del, og har difor bestemt at ein av mjølkevariantane til ei kvar tid skal framstå i nynorsk drakt, seier kommunikasjonssjef i Tine Vest, Olav Håland, til Sunnmørsposten.

– Kvifor bare ein variant? Kva med dei to gardane Brekke og Kringla i Sogn og Fjordane? Det er vel ikkje spesielt truverdig å presentere dei på bokmål, spør lokalavisjournalisten.

– Eg ser poenget, men då måtte vi køyrt nynorsk på alle fire variantane. Som resultat av ei totalvurdering har vi vald nynorsk på ein kartong. I Bergens-området er det ikkje så mange som har nynorsk som hovudmål.

Han ønskjer å få fram at Tine er litt medvitne når det kjem til målform, og ser ikkje bort ifrå at dei ved eit seinare høve kan kome til å bruke nynorsk på ein annan enn skummakartongen - som er første nynorsking ut i det nye regionkonseptet.

Den «nye» mjølka har bare vore i butikkane i litt over ei veke, og Håland har ikkje mottatt reaksjonar på målform-fordelinga ennå.

– Men vi er førebudde på at det kjem. Kanskje spesielt frå Sogn og Fjordane.

– Hjelper det at folk protesterer då, spør Sunnmørsposten.

– Planen er å rullere med nye bønder etter kvart, og då vil nok målform bli tema på nytt. Mulegheita for forandring er der i alle fall, avsluttar Håland.

Sist oppdatert ( onsdag 18. januar 2012 12:59 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009