|
|||
| Styrker lokalområdet |
|
Folk på Haugalandet valfartar til fyret Ryvarden på søndagstur. No kan det hende dei kan trimme litt ekstra undervegs. Kystlandskapsparken i Sveio jobbar stadig med å finne nye og gode prosjekt som kan skape trivsel og stimulere til ny næring i kommunen. Dette året skal dei mellom anna setje trimmen i høgsetet, og håpet er å kunne få sett ut trimapparat langs turvegen ut til Ryvarden, seier dagleg leiar i Kystlandskapsparken, Brith Inger Dirdal Engan. – Vi er no i dialog med utviklarar av trimapparat for å sjå kva vi kan få til. Vi har jo sett liknande bruk av trimapparat i det offentlege rommet, mellom anna på NRK kor det i programmet Puls blei presentert noko liknande. Forhåpentleg kan det bli enno meir av det, med benker og kanskje ein lavvo. Tradisjon og nyskapingEngan forklarer at heile poenget med landskapsparkane er å ta i bruk den lokale kulturen og tradisjonane på plassen for å skape noko nytt. – Tradisjonane ligg nedlagt i folk. Vi ønskjer å få til samarbeid på tvers av krinsar som kanskje tidlegare har stått mot einannan, for å få til utvikling av kulturopplevingar og næring. Prosjektet skal vere nærmast som ein handlangar for kommunen når det gjeld å skape trivsel og dialog, fortel ho smilande. Nasjonalt prosjektKystlandskapsparken i Sveio har eksistert sidan 2010 og har per i dag to tilsette i deltid. Dagleg leiar Brith Inger Dirdal Engan har ein 15 prosent stilling i tillegg til at ho er styreleiar i parken. I tillegg er det ein tilsett i ei prosjektstilling på deltid som jobbar spesifikt med eit matprosjekt. Kystlandskapsparken er ein av ni landskapsparkar i Hordaland. Namnet Landskapspark sprang opphavleg ut frå Unesco med definisjonen “eit bygdestyrt utviklingsområde med høg landskapsverdi. Fylkesmannen i Hordaland vart initiativtakar til landskapsparkane i sitt fylke. Føremålet med landskapsparkane er å ta vare på område av kulturell- og samfunnsmessig verdi og skape ny aktivitet i desse. Det finst andre og forskjellige park-prosjekt rundt om i landet, og alle parkane vart frå i år av samla og ligg no under Kommunal- og regionaldepartementet. Det betyr at kvardagen blir noko annleis for Kystlandskapsparken i forhold til før. – Til no har vi søkt om midlar frå Fylkesmannen i Hordaland. No skal alle parkane i landet søke midlar ut frå ein og same pott, og då gjeld det om å skjerpe seg, slår styreleiaren fast. Kystlandskapsparken satsar derfor no på å vidareføre matprosjektet ”Ta maten tilbake”, og på at trim-tankane og andre prosjekt som kan auke trivsel og engasjement, er med på å skape vekst i kultur- og næringslivet i Sveio. |
| Sist oppdatert ( fredag 20. januar 2012 10:39 ) |











