|
|||
| – Utkant-Noreg kan lykkast med tilflytting |
|
– Med rett fokus og samanhengande innsats over lang tid kan også utkantbygdene lykkast med tilflytting, meiner bygdeforskarar.Det er konklusjonen i den ferske rapporten «Tilflyttarar til Utkant-Noreg». Rapporten er skriven av bygdeforskarane Dag Jørund Lønning, Johan Barstad og Rhys Evans, som alle arbeider ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar på Klepp i Rogaland. Kritisk til påstandar Dei tre forskarane stiller spørsmål ved påstandane om at regionale vekstsentra er det som må til for å få folk til å flytta til i Distrikts-Noreg. Gjennom rapporten sin meiner dei å kunna visa at dette ikkje er tilfelle. Rapporten tek utgangspunkt i tilflyttingsarbeidet i den vesle bygda Finnøy i Hamarøy kommune i Nordland. – I denne grenda, som har alle «utbygda sine strukturelle kjenneteikn» – lang veg til butikk, skule og kommunesentra, skjer den prosentvis mest positive befolkningsutviklinga både i kommunen Hamarøy og i regionen Nord-Salten, heiter det i omtalen av rapporten. Den positive utviklinga i den vesle bygda resulterte i slagordet «Tilflyttingsbygda Finnøya», eit vellukka seminar og i at bygda i fjor blei tildelt bygdeutviklingsprisen for Nordland. – Finnøy viser veg Dei tre forskarane meiner Finnøy viser veg for resten av Utkant-Noreg. – Finnøy har vist oss at det å lykkast med tilflytting ikkje primært handlar om å ha best mogleg kommunikasjonar og fire felt motorveg, men om å ta imot menneske på ein skikkeleg og ærleg måte, om å ønskja dei velkomne og om å inkludera dei i lokalsamfunnet frå dag ein, uttalar forskarane i ei pressemelding. Målet til innbyggjarane er å møta alle som gjestar lokalsamfunnet på ein måte som gjer at han eller ho blir verande. – Slik er dei førebilete for alle, meiner forskaren. I rapporten kjem dei med klare råd til korleis utkantsamfunn kan arbeida for å trekkja til seg nye tilflyttarar. Forskarane meiner difor rapporten er nyttig lesnad for alle som arbeider med bulyst og tilflytting i Distrikts-Noreg. (NPK) |











