MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Ønskjer språknøytralt Bykle
fredag 20. januar 2012 10:39    Skriv ut E-post
Ønskjer språknøytralt Bykle

Arbeidarpartiet i Bykle føreslår å gjere kommunenspråknøytral. Det blir første steg på vegen mot bokmål, trur språkprofessor.

Dag Hovden i Arbeidarpartiet i Bykle seier kommunen har mange bokmålsfolk tilsett, og at desse ønskjer å bruke det språket dei har lært.

– Det vil forenkle arbeidsdagen deira og eg synest det ønsket er uproblematisk, seier Hovden til NRK Sørlandet. Han peiker vidare på at det er vanskeleg å rekruttere sentrale nøkkelpersonar når kommunen krev at dei må skrive nynorsk.

Hjå nabokommunane Valle og Bygland får ikkje forslaget applaus. Ordførarane i dei to kommunane er klåre på at det ikkje er aktuelt å føreslå å gjere deira kommunar språknøytrale. – Det er ein del av vår eigenart i Setesdal med nynrosken, seier ordførar Leiv Rygg i Bygland.

Samstundes seier ordføraren i ein av dei andre Setesdal-kommunane, Evje og Hornnes, at dei har god erfaring med å vere språknøytral kommune.

Språkprofessor Arne Torp peiker på at det i heile landet er ein dreining mot bokmål, og fryktar at eit slikt vedtak vil gjere at Bykle også vil dreie meir og meir i retning av å bli ein bokmålskommune. Det skjer fort når folk opplever at dei skriv betre bokmål enn nynorsk, seier han.

Forslaget om å gjere Bykle språkleg nøytral skal opp i kommunestyret i Bykle 26. januar. Forslaget vil ikkje omfatte opplæringsmålet i kommunen.

Sist oppdatert ( fredag 20. januar 2012 11:47 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009