MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Ny organisasjon på plass
fredag 27. januar 2012 14:23    Skriv ut E-post
Ny organisasjon på plass

Solfrid Borge

Dei to organisasjonane I/S Fjordvegen og Diktarvegen har no formelt oppretta ein organisasjon.

Fjordvegen Diktarvegen as er namnet på den nye organisasjonen som har funne si form som eit aksjeselskap. Selskapet har til føremål å arbeide for utbygging av Fv/rv 13 slik at den får ein god standard, og å utvikle og marknadsføre vegen og kulturtilboda langs vegen.

Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang er styreleiar for Fjordvegen Diktarvegen., og med seg i styret har ho Vidar Høviskeland, Arne Kleppa, Margrete Reisæter og Roald Bergsaker.

Opnar for fleire

Målet for den nye organisasjonen er no å leggje ned aktiviteten til dei gamle og gå med full tyngde inn i dei nye, forklarar Leif Vambheim i Hardanger regionråd. Han fungerer som dagleg leiar for Fjordvegen Diktarvegen inntil organisasjonen har finansiering for drift på plass.

Medlemane i det tidlegare I/S Fjordvegen blir tilbydde å kjøpe aksjar i det nye selskapet ut frå kor mykje tilskot dei har gitt før. Diktarvegen ved LNK vil tilsvarande tilby aksjar til diktarorganisasjonane som var utgangspunktet for prosjektet, men også andre kulturinstitusjonar har vist interesse for å delta og vil få tilbod om å kjøpe seg inn.

Operativt til våren

Selskapet er no etablert og held på med aksjeovergangen. Til våren blir det halde generalforsamling i Fjordvegen Diktarvegen, og selskapet vil truleg vere operativt i løpet av våren eller sommaren 2012, seier Vambheim.

Fjordvegen Diktarvegen har vidare lagt opp til ein femårsplan for finansiering kor dei tre fylkeskommunane blir bedne om å gå inn med 100 000 kvar kvart år. Medlemsavgifta for medlemene i organisasjonen blir sett til 300 000, og det blir søkt departementet om 300 000 årleg desse åra som eit framhald av satsinga på Diktarvegen.

Sist oppdatert ( fredag 27. januar 2012 14:29 )
 

Vil la folket setje om internett

Vil la folket setje om internett

Det amerikanske dataprogrammet «Duolingo» skal gjere det muleg for folk flest å vere med å setje om internett til alle dei store verdsspråka. Dei som er med og set om gjer jobben gratis medan dei lærer seg eit nytt språk.

21 feb 2012

Les meir

Vil betra forholda for kvensk

Vil betra forholda for kvensk

Troms Arbeiderparti føreslo på årsmøtet at kvensk språk skal ha dei same rettane som samisk. Forslaget blir tatt godt imot.

20 feb 2012

Les meir

Utval tilrår boklov med fastpris

Utval tilrår boklov med fastpris

Noreg bør få ei boklov med fastpris, og e-bøker bør ha same låge moms som papirbøker.

20 feb 2012

Les meir

Oppsving for Scrabble

Oppsving for Scrabble

Brettspelet Scrabble har fått ein ny vår etter at nettspelet Wordfeud har tatt slik av.

17 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009