|
|||
| Lomheim: – Bra å ta bort sidemålskarakteren |
Språkprofessor Sylfest Lomheim meiner at ein felles karakter for norsk hovudmål og sidemål er av det gode. Han ser ikkje framlegget om å fjerne sidemålskarakteren og – eksamen som eit åtak på nynorsken.Den tidlegare språkdirektøren har også før argumentert for ei samanslåing av sidemåls- og hovudmålskarakteren i tråd med framlegget til ny læreplan som Utdanningsdirektoratet no arbeider med. Framlegget har denne veka vekt sterke reaksjonar blant målfolk. – Eg meier at bokmål og nynorsk er norsk, og i ungdomsskolen er det ingen grunn til å ha noko anna enn éin karakter i norsk, same kor viktig faget er. Det må innebere skriftleg øving og vurdering som basis for norskkarakteren både i hovudmål og sidemål, seier Lomheim til vekeavisa Dag og Tid. Sidemålet like viktig Han strekar under at karakteren sjølvsagt ikkje kan vere ein karakter i hovudmål åleine, slik somme kanskje trur. – Ingenting tyder på at Kristin Halvorsen meiner det heller. Det skal setjast karakter både i hovudmål og sidemål, men på vitnemålet skal det stå berre éin karakter, seier Lomheim – utan å seie noko om kva vektforholdet mellom sidemål og hovudmål bør vere. Nynorskforkjemparen meiner målfolk har meir å hente på å krevje høgare kvalitet i norskundervisninga enn å insistere på sidemålskarakter. For norskfaget er ikkje godt nok, meiner Lomheim. – Det er altfor vidt, og det er for mykje evaluering og karaktersetjing. Lærarane yter ikkje god nok undervisning i norsk og i rettskriving.
Fordomsfulle norsklærarar Lomheim synest heller ikkje lærarutdanninga i norsk er god nok. Fordomsfulle norsklærarar er ein del av problemet. – Når norsklærarar gir uttrykk for at dei ikkje skjønner poenget med å undervise i sidemål, er det så opprørande at det er vanskeleg å finne ord, seier Sylfest Lomheim. Slik han ser det, må all sidemålsundervisning starte frå første time med ein diskusjon om fordommar, elles kan resultatet aldri bli bra. – Utan å plukke ned ein del fordommar er nynorskundervisning umogleg, seier Sylfest Lomheim, som er professor i nordiske språk ved Universitetet i Agder. (NPK) |











