|
|||
| Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk |
|
Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.– Hadsel Høyre har ei klar oppfatning om at nynorsk ikkje skal vere obligatorisk undervising i skulen. Vi tar derfor opp spørsmålet i skulestyret med det aller første, skriv Ivar Fredriksen i Hadsel Høyre i eit debattinnlegg i Vesteraalens Avis.Fredriksen er medlem av kommunestyret, nestleiar i Hadsel Høyre og leiar for kommunen sitt utval for oppvekst og undervising. – Vidare vil vi i løpet av våren fremje forslag i kommunestyret om at Hadsel kommune skal søkje Utdanningsdirektoratet om å få setje i verk forsøk med valfri sidemålsopplæring i kommunen, skriv Høgre-politikaren vidare. – Dei elevane som ikkje ønskjer å ha nynorsk, uavhengig av grunn, skal sleppe. For desse elevane vil dei frigjevne time- og undervisingsressursane nyttast til meir ordinær norskundervising, for å styrke basisferdigheitene, held han fram. Fredriksen peikar på at det overordna målet til Hadsel Høyre er at alle ungdommar som går ut av grunnskulane i Hadsel skal kunne meistre norsk bokmål, lese og skrive, på eit godt nivå. |











