|
|||
| Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo |
|
I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter. Bokmålsvedtaket frå 1977 tyder at dei tilsette ikkje kan bruke nynorsk i jobben sin. – Noreg er i den heldige situasjon å ha to jamstilte skriftspråk, som begge er ein viktig del av kulturarven vår. Oslo kommune, som landets hovudstad, bør vera språknøytral langs heile lina. Slik heiter det i forslaget frå Raudt, og som truleg skal handsamast i Finanskommiteen i mars. Ingrid Balterzen i Raudt seier til nettavisa at Oslo kommune er språkleg nøytral i sin kommunikasjon med statlege organ, og partiet ønskjer no at dei tilsette i Oslo kommune også skal få byrje bruke den målforma dei ønskjer i brevveksling, interne dokument og utgreiingar. |
| Sist oppdatert ( fredag 03. februar 2012 09:45 ) |











