|
|||
| Vil bli språkleg nøytrale |
|
I februar skal kommunestyret i Bykle avgjere om kommunen skal gå over frå å vere nynorskkommune til å bli språkleg nøytral.
Bakgrunnen for at saka kom opp, er eit brev frå kommunestyrerepresentant Dag Hovden (Ap), som føreslår at kommunen blir språkleg nøytral og melder seg ut av LNK. Kommunen har sidan utgreidd saka og lagt fram forslag om at Bykle kommune går over til å bli nøytral i skriftspråket frå 1. mars i år. Ordførar Jon Rolf Næss (Ap) kjem til å stemme for at Bykle blir språkleg nøytral. Til LNK-avisa seier Næss at han vil stemme for at Bykle skal bli språkleg nøytral, av fleire grunnar. Valfritt– I Bykle kommune har vi positiv folketalsvekst med stor tilflytting, og vi har etter kvart folk frå alle fylka i landet her. Kommunen må spegle denne utviklinga, og vi må la folk få velje kva språk dei ønskjer å bruke. Han peiker vidare på at det er ein tøff kamp å rekruttere kompetente folk innan enkelte tenesteområde i kommunen, og i ein slik kamp trur han at valfri målform vil vere ein fordel. At dei skal bruke nynorsk, bør ikkje vere eit kriterium. – Vi tenkjer at folk som søkjer ein jobb, er fagmenneske innafor sitt felt. Skriftspråket er ein av reiskapane deira, og dei har truleg ønskje om å bruke den målforma dei kan best. LES OGSÅ: Fryktar for skulemålet Han kjenner ikkje til dokumenterte døme på at målforma har hindra rekruttering, men seier ein har fått signal som tyder på at dette er ein medverkande årsak til at rekruttering av fagfolk kan vere vanskeleg. Han peiker vidare på at kommunen i dag har mange tilsette som ønskjer å bruke nynorsk som tenestemål. – Men for somme er det i dag ei belastning at dei blir brukte som ekstra språkvaskarar for andre tilsette. Ordføraren ønskjer å understreke at om kommunen er for språkleg nøytralitet, så tyder det ikkje at ein er mot nynorsk. – Motivet vårt er at folk skal kunne velje. UtsettOm kommunen no skulle vedta å bli språkleg nøytrale, vil det ikkje føre til noka endring i skulemålet direkte, slikt må vedtakast separat. Ordføraren er heller ikkje med på at kommunen sitt vedtak aleine kan vere styrande for dei vala andre kjem til å ta ved seinare høve. – Desse vil uansett kome på banen før eller seinare. Ein må våge å drøfte desse tinga, heller enn å tie dei i hel. LES OGSÅ: Vil vakte språket i regionen Då saka var ope til handsaming i kommunestyret i slutten av januar, enda det i utsetjing. Senterpartiet ønskte i tillegg til utsetjing ei breiare utgreiing av saka. Det forslaget falt, og saka skal no opp att i februar, slik ho ligg. – Ein del opplevde at saka kom vel fort opp, og det kan vi ha forståing for, seier Næss. – Men den utgreiinga det blir bede om, opplevde vi som ganske omfattande og til dels vanskeleg å finne ut av, og eg stussar på at det blir reagert så sterkt. I denne saka opplever eg dessutan at folk har bestemt seg, så for den del kunne vi nok teke avgjerda på møtet i januar. Saka om språkleg nøytralitet skal opp i kommunestyret i Bykle 23. februar. Medlemsskapen i LNK er ikkje eit punkt i framlegget.
|
|
| Sist oppdatert ( måndag 13. februar 2012 10:45 ) |











