|
|||
| Stavanger har berre éi nynorskklasse |
|
Klasse 5c på Våland skole er den einaste nynorskklassa i Stavanger kommune.
Kommunen har 41 skular, der 26 er barneskular, 10 er ungdomsskular og fem er kombinerte barne- og ungdomsskular. Av dei 14.500 grunnskuleelevane har 14 elevar undervisinga på nynorsk, skriv Stavanger Aftenblad. Det er klasse 5c på Våland skole kan skilte med å vere den einaste nynorskklassa i Stavanger. Det er med andre ord ikkje er oppretta éi einaste nynorskklasse i kommunen dei siste fem åra. – Eg synest nynorskklasser er verdifulle. Det er synd at dei fell bort og eg skulle gjerne sett at fleire born fekk opplæring i nynorsk, seier rektor Eli Ryssdal ved Våland skole, og fortel at lærarane legg vekt på dra nynorsk inn i faga i dei andre klassene på skulen. Fagsjef for skule i kommunen, Eli Gundersen, trur bokmål er eit byfenomen. – Sjølv om Stavanger-dialektane ligg tettare til nynorsk enn bokmål er det nok eit byfenomen at færre vel nynorskklassar til borna. Me er veldig positive til foreldre og skular som ynskjer å ha born i nynorskklassar, seier Gundersen til Aftenbladet.no. (NPK) |
| Sist oppdatert ( torsdag 16. februar 2012 10:39 ) |











