MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Vil la folket setje om internett
tysdag 21. februar 2012 11:39    Skriv ut E-post
Vil la folket setje om internett

Mann

Det amerikanske dataprogrammet «Duolingo» skal gjere det muleg for folk flest å vere med å setje om internett til alle dei store verdsspråka. Dei som er med og set om gjer jobben gratis medan dei lærer seg eit nytt språk.

– Det starta med at eg spurde ein av studentane mine «Korleis kan vi få 100 millionar menneske til å setje om internett til alle dei store verdsspråka, gratis?», seier ein av skaparane av «Duolingo», Luis von Ahn, i eit foredrag for nettstaden TED.

Svaret blei å tilby brukarane mulegheita til å lære eit nytt språk. «Duolingo» fungerer slik at medan du lærer eit språk, er du med på å setje om internett til nettopp det språket.

Om ein hadde nytta profesjonelle omsetjarar til å setje om internett, hadde det blitt veldig dyrt og tatt veldig lang tid. På denne måten gjer folk jobben gratis.

– Omsetjingsprogramma i dag er ikkje gode nok, og kjem ikkje til å vere det på 15–20 år. Dei gjer mange feil, og då veit ikkje folk om dei kan stole på dei når dei gjer rett, seier von Ahn om kvifor han trur «Duolingo» er den mest effektive måten å setje om internett på.

«Duolingo» er ikkje lansert ennå. Til nå finst det bare ein prøveversjon og folk må stå på venteliste for å få vere med.

«Crowdsourcing», eller dugnad, om du vil, er den nye måten å få realisert store prosjekt på. Nettleksikonet «Wikipedia» og digitaliseringa av bøker for Google gjennom inntasting av såkalla «CAPTCHA»-kodar er døme på dette. Veldig mange menneske går saman og gjer litt av jobben kvar, og det kjem til nytte for alle som bruker internett.

Les heile saka om «Duolingo» på NRK.no.

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Gloppar fekk siste landslagsplass
    Glopparen June Andenæs er som siste spelar utteken til handballandslaget sine siste samlingar før OL i London. Men noko OL siktar ho seg ikkje inn på.
  • No kan du køyre over Gaularfjellet
    Etter å ha vore stengt i over ei veke vart Gaularfjellet opna att måndag føremiddag. Vegvesenet håpar dei skal sleppe å stengje fjellet om natta.
  • Ica-butikk ranet med kniv
    En Ica-butikk på Storhaug i Stavanger ble tirsdag formiddag ranet med kniv av en mann. Raneren fikk med seg kassabeholdningen.
  • Varslar rekemangel i sommar
    Rekefiskarar på Vestlandet fortvilar over svært dårleg fiske. – I sommar blir det garantert rekemangel, er meldinga frå fiskarane.
  • Her skal dritten din samles
    Nesten 300 millioner kroner skal brukes på å ruste opp renseanlegget på Odderøya i Kristiansand.
  • Økt fokus på fattige barn
    Nav innrømmer at de har vært for dårlige til å se barna i fattige familier. Nå skal de dårligst stilte barna få mer hjelp i Kristiansand.
  • Gravstøtter veltet i Porsgrunn
    Opptil ti gravstøtter er veltet på kirkegården ved Østre Porsgrunn kirke. – Å ødelegge et gravsted er som å rippe opp i gamle sår, sier Myrteza Ahmeti, som har datteren sin liggende på kirkegården.
  • Par svindlet til seg 6 millioner
    En 51 år gammel mann og hans 46 år gamle kone fra Nøtterøy er i Tønsberg tingrett dømt til fengsel for å ha svindlet til seg over seks millioner kroner.
  • 40 prosent av våronna gjenstår
    I Hedmark gjenstår ennå 35-40 prosent av våronna. Det er tre ganger mer enn vanlig. – Jeg kjenner jeg blir stressa av å vente, sier Løten-bonde Kristian Dotterud.
  • Vogntog veltet på E6
    En trailersjåfør ble alvorlig skadet i en utforkjøring på E6 i Stange. Ulykken skjedde rett etter klokken 19 mandag kveld.

Nytt frå Framtida

  • – Bustad bør vere ein rett

    Leiarkandidat for Sosialistisk ungdom, Andreas Halse, om korleis ungdom kan få meir makt og kva som må gjerast med bustadpolitikken.

  • Bøndene gav lyd frå seg

    Utstyrte med bjøller marsjerte bønder frå heile landet gjennom gatene Oslo for å setje punktum for aksjonsveka etter brotet i landbruksoppgjeret.

  • Noregs mest attraktive stad

    Ulstein kommune er kåra til vinnar av Statens pris for attraktiv stad 2012.

  • SMS gjev sannferdige svar

    Ny forsking syner at folk er meir ærlege når dei skriv enn når dei snakkar saman.

  • Suu Kyi til Oslo 15. juni

    Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi kjem til Oslo 15. juni og skal halde nobelforedraget sitt dagen etter, opplyser direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet.

  • Mykje hoggorm i sommar

    Skal du på tur i skogen i år, bør du sjå opp for hoggorm. I år er det venta ekstra mykje av den sikksakkmønstra skapningen.

  • Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

    Nynorsk litteratur er kraftig underrepresentert i programmet for barn og unge under Norsk litteraturfestival, seier litteraturkritikarar.

  • Ljost kjøt i staden for mørkt kjøt

    Den mest effektive måten å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er ved å redusere kjøttproduksjonen frå drøvtyggarar, hevdar forskarar.

  • – Krev bompengar på dei fleste vegar

    Noreg bør leggje kraftig om dagens system for finansiering av veg og jernbane, er konklusjonen i ein fersk rapport.

  • Psykisk sjuke elevar fell frå

    Psykiske problem er den viktigaste årsaka til at nesten kvar femte elev i den vidaregåande skule sluttar undervegs. Mange blir avhengige av langvarig trygd.

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009