Aud Søyland ny heidersmedlem i Samlaget

Aud Søyland ny heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

Aud Søyland (fødd 1954) har arbeidd med nynorsk på fleire felt gjennom mange år. Ho har vore sentral i utforminga av ein ny, moderne nynorsk slik han blir brukt av mange i dag. No blir ho heidersmedlem i Samlaget. Andre heidersmedlemmer i Litteraturselskapet er Jon Fosse, Kjartan Fløgstad, Arthur Arntzen og Guri Vesaas, skriv Samlaget i ei pressemelding.

Samlaget legg vekt på at Søyland ikkje har vore blant dei som har vore mest synlege i nynorskarbeidet, men at ho gjer ein stor jobb i kulissane. I grunngjevinga blir det lagt vekt på at Søyland er ein av dei fremste nynorske omsetjarane i Noreg, har arbeidd med Nynorsk ordliste sidan 80-talet og vore sekretær for rettskrivingsnemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving (2010–2011).

– Aud Søyland er ein av dei fremste nynorske omsetjarane i Noreg i dag, hovudsakleg innanfor faglitteratur. Sidan 1987 har ho arbeidd som frilans språkkonsulent med oppdrag for statsadministrasjon og forlag med språkkurs, språkvask, korrektur, omsetjing frå bokmål, svensk, dansk og engelsk til nynorsk, skriv Samlaget.

I tillegg til arbeidet som språkkonsulent har ho arbeidd med Nynorsk ordliste sidan midten av 80-talet. Saman med Kåre Skadberg tok ho over redaktøransvaret for ordlista i 1999. Søyland var tilsett som konsulent i Norsk språkråd i tre år, før ho flytte til Valdres i 1987. Ho var også sekretær for rettskrivingsnemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving (2010–2011).

Aud Søyland har vore engasjert i målsaka sidan ungdomsåra. I 1976 var ho leiar i Studentmållaget i Oslo, og i 1981–1982 var ho leiar i Norsk Målungdom. Ho har òg vore medlem av redaksjonen i Mål og Makt. I dag er ho styremedlem og nestleiar i Noregs Mållag. Aud Søyland er initiativtakar til målprosjektet Målstreken i Valdres – eit treårig prosjekt for å finne ut kvifor så mange elevar går over frå nynorsk til bokmål, og for å motivere elevar med nynorsk som hovudmål til å halde på nynorsken.

Aud Søyland er cand.philol. frå Universitetet i Oslo (1983), med hovudfag i nordisk språk og litteratur. Søyland bur på Leira, er gift med Bjørn Karsrud, og har tre born.

 

 

 

Utskrift E-post