Utskrift

Superkommunen Austevoll

.

Austevoll kommune blir trekt fram som eit døme på ein superkommune i ein ny rapport frå Distriktssenteret.

– Medan den offentlege debatten om distriktsutvikling nesten utelukkande handlar om pengar, er det heilt andre ting som gjer at distriktskommunar lukkast. Denne studien bør vere ein tankevekkar for både sentrale og lokale politikarar, seier Halvor Holmli i Distriktssenteret.

Kommunane som er omtalt i studien er Meløy, Træna, Vikna, Frøya, Hitra, Sandøy, Austevoll, Bykle, Sirdal, Lyngdal, Evje og Hornnes, Seljord, Flå, Gol og Hemsedal. Austevoll blir trekt fram som eit førebilete.

– Funna i denne studien er svært interessante, og dei reiser fleire viktige spørsmål. Korleis utformer ein ein politikk som stimulerer eldsjelene, som fremjer ein offensiv utviklingskultur i lokalsamfunna, og som ikkje minst stimulerer lokalsamfunnet sine evner til å ta tak i dei gylne anledningane som byr seg? Ufordringa blir no å få ein skikkeleg debatt rundt desse spørsmåla, og å omsetje funna i politikk og offentlege verkemiddel, seier Holmli.

Til TV2.no seier Holmli dette om Austevoll kommune;

– Dei har jaga vekk bygdedyret på ein måte. Det er ikkje noko jantelov der, og det er veldig korte avstandar frå idear dukkar opp til beslutningar blir tatt.

Del