Utskrift

Kvinnedominans på Nynorske litteraturdagar

.

Kvinnene dominerer programmet til Nynorske litteraturdagar i Aurland. 

Programmet for Nynorske litteraturdagar 2012 er under utforming, men allereie no er fleire forfattarar klare.

Agnes Ravatn deltek på festivalen for første gong, og har fått æra av å opne litteraturdagane på fredagen.  I tillegg kjem blant andre Linda Eide, Olaug Nilssen og Brit Bildøen. Medan Nilssen deltek på litteraturdagane for første gong og med ei heilt ny bok, jubilerer Bildøen med 20 år som forfattar. På forfattarlista til festivalen står også barne - og ungdomsforfattar Lars Mæhle.

Litteraturdagane byr også på musikalske opplevingar. Opningskvelden vert det poesikonsert med skodespelaren Arnhild Litleré i hovudrolla. Ho har hatt fleire sentrale teaterrollar, m.a. på Den Nationale Scene i Bergen, Det Norske Teater i Oslo og NRK. Konserten baserer seg på dikt av Jon Fosse og Olav H. Hauge. Eit anna musikalsk høgdepunkt vert konsert med Tønes, eller Frank Tønnesen som visesongaren frå Sokndal heiter.

 

Del