Willy Brandt-prisen til Jon Fosse

– Eg føler meg heime i Tyskland, sa Jon Fosse i takketalen sin. Foto: Tom A. Kolstad / Samlaget– Eg føler meg heime i Tyskland, sa Jon Fosse i takketalen sin. Foto: Tom A. Kolstad / Samlaget

Forfattar og dramatikar Jon Fosse har fått Willy Brandt-prisen 2016 saman med den tyske språk- og kultureksperten Julia Stöber.

Den norsk-tyske Willy Brandt-stiftinga gir prisen til personar eller institusjonar som gjennom arbeidet sitt har bidrege, på ein særskilt tenleg måte, til å styrkje banda mellom Noreg og Tyskland. Prisen er ein Willy Brandt-statuett laga av kunstnaren Nils Aas og eit diplom.

– Eg har eit nært forhold til litteraturen og til teateret i det tyske språkområdet. I Tyskland har det vore over hundre produksjonar av stykka mine, mange av desse har eg sett sjølv. Og slik har eg fått mange gode og nære tyske vener. Eg føler meg heime i Tyskland, sa Fosse i takketalen sin, som vart formidla på tysk av kona Anna i hans fråvær på Stortinget torsdag.

Han sa også at fleire tyskspråklege forfattarar har sett djupe spor i han. Ein av dei han ikkje kjem utanom er Franz Kafka. Nynorskomsetjinga av Kafkas Forvandlinga og andre forteljingar, er Fosses aller siste bidrag til den tysk-norske samarbeidet.

– Eg er takksam for at det nære forholdet mitt til Tyskland no så å seie får eit offisielt teikn ved at eg vert tildelt Willy Brandt-prisen, sa Fosse.

UtskriftE-post