– Ta sjansen! Flytt til bygda!

PÅ SUNNHORDLANDSTREFFET: Lea Skaten var med på å opna Sunnhordlandstreffet med å fortelja om korleis det var å flytta til Tysnes. Stord-ordførar Harry Herstad til venstre og Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe bak til høgre for ho.

Lea Skaten (25) flytta til Tysnes i mai, og oppmodar andre unge til å ta sjansen på å byta ut byliv med bygdeliv.

Ho er oppvaksen i Oslo, og flytta frå Bergen til Tysnes saman med mann og to ungar før sommaren. Måndag var ho på Sunnhordlandstreffet på Stord for å fortelja korleis det er å flytta til Tysnes for ei byjente som ho.

– Det er så fantastisk å bu her. Det er trygt å sleppa ungane, og veldig behageleg. Eg merkar ein heilt annan ro her, seier ho.

Kort veg til alt

Familien på fire har busett seg på Onarheim, og har nett kjøpt seg tomt i byggjefeltet Henningshagen.

Jenta deira på fire og guten på eitt og eit halvt år går i barnehage på Onarheim, og elskar å bu på Tysnes.

– Me ville flytta før ungane skulle byrja på skulen, fortel Lea Skaten.

Ho jobbar som booking- og marknadsansvarleg for Haaheim Gaard, i tillegg til å vera instruktør på Svingen Puls.

– Det er behageleg å bruka 20-25 minuttar til jobb, og på Onarheim har me alt me treng.

Tidlegare jobba ho som kundebehandlar hos Bama i Bergen, og det gjekk ofte lang tid å køyra til jobb og barnehage.

Forelska i staden

Lea Skaten fortel at ho var metta av bylivet då dei flytta frå Bergen.

– Me hadde alltid sett for oss at me ville flytta tilbake til Tysnes. Eg blei veldig forelska i staden. For meg er det veldig fint å ha så lett tilgang til fjellet og naturen. Det er balsam for sjela, fortel ho.

Mannen hennar, Fredrik Skaten, møtte ho då dei begge var til førstegongsteneste i Bardufoss. Han fekk seg jobb som båtmekanikar hos LOS Fjord i Elsåkervågen då dei flytta.

Billegare å bu

– Hopp i det. Ta sjansen! er oppmodinga frå Lea Skaten til andre unge som vurderer å flytta frå byen til Tysnes.

Om ein skulle sakna bylivet, så er det ikkje langt til Stord eller Bergen, påpeikar ho.

– Ein må kanskje gå ned litt i løn, men det er billegare å bu her, og ein slepp kjøpepresset og måtta betala for alle aktivitetane ein er med på. Eg har ikkje angra eit sekund på at me flytta!

PÅ TYSNES-STAND: Iselin Bakkane frå Stord vitja standen til Tysnes kommune. Her i samtale med Lea Skaten.

UtskriftE-post