Solrun Toft Iversen ny teatersjef ved Hordaland Teater

Solrun Toft Iversen (45) har i ei årrekke vore sjefsdramaturg ved Den Nationale Scene og fungerer per i dag som konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater. Foto: Poul Iversen/Hordaland TeaterSolrun Toft Iversen (45) har i ei årrekke vore sjefsdramaturg ved Den Nationale Scene og fungerer per i dag som konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater. Foto: Poul Iversen/Hordaland Teater

Tidlegare sjefsdramaturg ved Den Nationale Scene i Bergen Solrun Toft Iversen (45) er tilsett som ny teatersjef ved Hordaland Teater.

Ho tek over etter Terje Lyngstad som gjekk av i protest i august etter ein leiarstrid ved teateret.

– Eg ser med stor glede fram mot å leia Hordaland Teater. Teateret står framfor ei spennande og avgjerande fase med flyttinga til Logen i Bergen sentrum. Arbeidet med å utvikla ei tydeleg norsk scene på Vestlandet er ei oppgåve eg vil ta fatt på med takksemd, ambisjon og i samarbeid med gode krefter, seier den nytilsette teatersjefen i ei pressemelding. 

Toft Iversen har det siste året vore konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane teater. Ifølgje Bergens Tidende blei ho beden av styret for Hordaland Teater om å søkja på den ledige stillinga som teatersjef i Hordaland. Det skal i tillegg ha vore 16 andre søkjarar. Mellom dei Arvid Ones som har vore teatersjef ved Hordaland teater tidlegare. 

Styreleiar Pål W. Lorentzen er særs nøgd med at Solrun Toft Iversen har takka ja til stillinga. 

– Med Solrun får vi ein erfaren teaterleiar som kan vidareutvikla Hordaland Teater som ein av dei viktigaste kulturformidlarane i regionen vår, seier han. 

Han peikar på at den nytilsette teatersjefen har solid teatererfaring og har eit stort nettverk av fagpersonar innan scenekunsten. 

– Saman med den inngåande kjennskapen hennar til teaterverksemd på Vestlandet, gjev dette henne dei beste føresetnadene for å løfta fram ei nynorsk scene i regionen, seier Lorentzen. 

Stillinga er ei åremålsstilling frå våren 2017 til våren 2021.

UtskriftE-post