Sveio og Vindafjord går for nynorsk

Illustrasjonsfoto: Colourbox Illustrasjonsfoto: Colourbox

Både kommunestyret i Sveio og Vindafjord har no vedteke å gå over til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

I Sveio tilrådde rådmannen nynorsk, og ordførar Jorunn Skåden frå Ap har vore tydeleg i sitt ynske om nynorskopplæring.  Både formannskapet og kommunestyret var samrøystes i vedtaket om nynorsk.

I Vindafjord kommune tilrådde rådmannen å halde fram med bokmålsopplæring, og i komiteen for oppvekst og omsorg var det klart fleirtal for bokmål. Fleirtalet i kommunestyret ville det likevel ikkje slik. Med 15 mot 10 røyster vedtok dei å gå over til nynorsk, melder Haugesunds Avis.

Ordførar i Vindafjord Ole Johan Vierdal (Sp) syner til at born som kjem til kommunen med innvandrarbakgrunn, får si opplæring på nynorsk, all kommunikasjon i kommunen skjer på dialekt og nynorsk, og han trur alle som bur der vil ha nytte av å læra dette, skriv Haugesunds Avis. 

Både Sveio Mållag og Vindafjord Mållag har arbeidd mykje med å få til desse vedtaka.

Etter at Noregs Mållag starta kampanjen NyNorsk, kampanje for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar, har heile elleve kommunar skifta opplæringsspråk. Det er no totalt 48 kommunar som gjev opplæring på nynorsk eller har vedtak om å gå over til nynorskopplæring.

Her finn du læremiddel i nynorsk for framandspråklege – og oversikt over kva kommunar som tilbyr opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar!

 

UtskriftE-post