Vestlandsregionen blir «Vestlandet»

Illustrasjonsfoto frå Sognefjorden, Flickr / Bosc d'Anjou CC BYIllustrasjonsfoto frå Sognefjorden, Flickr / Bosc d'Anjou CC BY

Intensjonsplanen for fylkesfusjonen var ferdig forhandla tysdag.

– Vi ligg midt på Vestlandet, og namnet speglar det, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane til Bergens Tidende.

Bergen skal vere administrasjonssenteret i storfylket, mens Fylkesmannen i det nye fylket skal liggje i Leikanger, skriv NRK.

Distriktsprofil
Den tidlegare intensjonsavtalen mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har lege til grunn for forhandlingane, sjølv om Rogaland no har trekt seg frå samarbeidet.

– Dette er nok ein avtale som har ein klarare distriktsprofil enn den førre avtalen, der Rogaland var med, men eg trur folk i byane vil vere fornøgde likevel, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland til NRK.

Etter den nye intensjonsplanen får Bergen hand om kollektivtrafikken i fylket, mens næring og opplæring skal delast med dei to. Sogn og Fjordane får ein eigen næringsadministrasjon som skal arbeide særleg med distrikta, og ei strategisk opplæringsavdeling som ta seg av dei vidaregåande skulane i distrikta. Oppgåver og arbeidsplassar skal elles fordelast mellom dei to fylka.

Intensjonsplanen skal behandlast av fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane 2. og 3. februar.

Vestlandet får òg nynorsk som administrasjonsspråk.

UtskriftE-post