Nynorske barnehagar syng og les mest på bokmål

Talgje barnehage i Finnøy kommune har vore med på Nynorske lesefrø. Barnehagane som har vore med på dette prosjektet er flinkare til å lesa nynorsk for barna. Her er det Reidun Hagetrø Gard som les Henrik And. Foto: Ingunn GjærdeTalgje barnehage i Finnøy kommune har vore med på Nynorske lesefrø. Barnehagane som har vore med på dette prosjektet er flinkare til å lesa nynorsk for barna. Her er det Reidun Hagetrø Gard som les Henrik And. Foto: Ingunn Gjærde

– Born må ikkje bli fråtatt sjansen til å lytta seg inn i skriftspråket, åtvarar Anne Høigård.

75 prosent av alle barnehagane i nynorskområde syng ein eller fleire songar på bokmål i løpet av ein vanleg dag. 58 prosent av barnehagane syng minst éin song på nynorsk kvar dag. Også når det gjeld høgtlesing, er bokmål meir vanleg enn nynorsk.

Det viser ei undersøking som kulturavisa Pirion.no har gjennomført i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Får språket gjennom øyra

Anne Høigård er mellom anna forfattar av Barns språkutvikling som er pensum på dei fleste barnehagelærarutdanningane. Foto: UniversitetsforlagetAnne Høigård er mellom anna forfattar av Barns språkutvikling som er pensum på dei fleste barnehagelærarutdanningane. Foto: UniversitetsforlagetAnne Høigård er ein av nestorane innanfor forsking på språkstimulering i barnehagar. Ho meiner resultata er nedslåande.

– Alle lærer tidleg at ein ikkje skriv heilt slik som ein snakkar. Det ein høyrer opplese blir det ein oppfattar som det rette skriftspråket, seier Høigård.

Ifølgje undersøkinga er barnehagane flinke til gjenfortelja og lesa på dialekt. Men Høigård meiner alle også treng å høyra skriftspråket sitt opplese for å høyra at det er forskjell på skriftspråket og dialekten.

Ho understrekar at song òg er ein veldig viktig veg inn i språklæringa.

– Må inn i rammeplanen

Anne Høigård meiner den nye rammeplanen for barnehagane bør seia noko om språkstimulering og nynorsk.

– Det går mykje vidare enn berre å vere eit snevert skuleførebuande tiltak. Nynorsk er òg ein del av barnehagane sitt kulturoppdrag, slår ho fast.

LES OGSÅ: – Syng lyst og sakte for å få med borna

– Svikt i lærarutdanningane

Anne Høigård har i ei årrekkje undervist ved barnehagelærarutdanninga i Stavanger, og er no pensjonist. Ho har gjeve ut ei rekkje bøker og artiklar om språkutviklinga til born.

– Eg er stygt redd for at svikten ligg i mange av barnehagelærarutdanningane. Eg trur at mykje av haldningsarbeidet er fråverande i fleire av barnehagelærarutdanningane. Slik eg eg kjenner utdanningane, så er det ikkje alle stadene ein har eit bevisst forhold til språkstimulering på nynorsk, seier Høigård.

Meld deg på nyhendebrevet vårt!

Barnehageundersøkinga blei sendt til 728 barnehagar i nynorskområde. 256 barnehagar svara. Sjå alle resultata frå barnehageundersøkinga her!

Les også: Nynorske barnehagar syng oftast på bokmål

UtskriftE-post