– Sunnfjord-kommune bør heite Indre Sunnfjord

Førde blir kommunesentrum i den nye storkommunen i Sunnfjord. FOTO: WikipediaFørde blir kommunesentrum i den nye storkommunen i Sunnfjord. FOTO: Wikipedia

Språkrådet rår samanslåingskommunane i Sunnfjord til å kalle den nye storkommunen for Indre Sunnfjord, eventuelt Førde, skriv avisa Firda.

Kommunane Førde, Jølster, Naustdal og Gaular har vorte einige om å slå seg saman og meinte at namnet Sunnfjord kommune da kunne passe bra. Problemet er at den nye storkommunen dekkjer berre ein del av det området som blir kalla Sunnfjord.

– Vårt primære råd er derfor å kalle kommunen Indre Sunnfjord, skriv direktør Åse Wetås og seksjonssjef Daniel Gusfre Ims i Språkrådet i eit brev til namnekomiteen til kommunane etter at dei bad om råd frå språketaten.

Ved å kalle kommunen Sunnfjord får stadnamnet ei uheldig dobbelttyding, meiner Språkrådet.

– Vi meiner det da vil vere ei god løysing å ha med tillegget Indre, altså Indre Sunnfjord. Her er namnet Sunnfjord med, samtidig som tillegget er dekkjande for den delen av Sunnfjord det er tale om, heiter det.

Språkrådet peikar elles på at alle dei fire kommunenamna kunne eigna seg som namn på den nye kommunen.

– Likevel peikar truleg Førde seg ut som den beste kandidaten av dei. Dette er den mest folkerike kommunen av dei fire, og namnet blir òg i dag brukt om eit større område i visse samanhengar. Trass i dette kan det vere politiske grunnar til å velje eit namn som i dag ikkje er i bruk om nokon av kommunane, skriv Språkrådet.

 

UtskriftE-post